Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976
Klikk her for å lese føreordet

 

På ein gard i Søndre Land…

Ein og annan av dei som sat med gard og hadde husmenn under seg, kunne vere bra påhaldne og strie ved arbeidsfolket sitt.

På ein gard i Søndre Land var det ein av det slaget.

I sommarhalvåret var det gjerda at dei som var i arbeid, skulle ta til klokka 4 på morgonen. Husbonden var da frammøtt og såg til så alle var til svars på arbeidsstaden.

Det var på førsommaren, og dei dreiv og hogg opp ved.

Ein morgon var husmannen blitt bortheft ei økt heime innan han kom seg i veg.

Først han var ved vedskålen, song husbonden i: «Klukka e ti minutt over fire. Du kæinn gå å vara heme tel ette duggur’n.»

Husmannen var komin fastande til gards. Han hadde langt å gå tilbake til heimen, så han ville ikkje ta turen dit.

Han gikk først ein sving til vilkårsbygningen, der mor til husbonden heldt til. Så var han meint seg bort i skogen og sitte av der til det var dugurdstid.

Gamla spurte koss det var laga det han ikkje dreiv i veddungen. Husmannen tala om det.

«Du skar få mat hos me, du,» sa vilkårskona.

Husmannen sette på med arbeidet etter kvila, og innan kvelden hadde han lajet fullt. Så husbonden slapp halde ekstra rekneskap der.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *