Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

På fastand hjarte

I gammal tid var det vanleg at ingen fekk noko i livet før dei hadde gjort ei arbeidsøkt.

Ei gammal kone på Røros fortalde at slik var det også i ungdomen til bestefar hennar. Han hadde arbeid på ein gard ikkje langt ifrå Røros, og før dei hadde gjort alt arbeid i fjøs og stall var det ikkje korkje vått eller tørt å få.

Men juledagsmorgonen var det retteleg storveges. Da fekk alt folket på garden eit flatbrødstykke så vidt som handflata med «rett» smør på. Og så var det ein stor kopp kaffe attåt. Dette vart dei servert på senga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *