Kilde
GLYTT AV GODTFOLK
Einar Ullestad
Klikk her for å lese "Føreordet"
Rune Forlag, Trondheim 1971
Prenta av Nidaros Trykkeri
ISBN 82-523-0028-6

PÅ FISKE

Buntmakar-Lars og Knut Stamnes var gifte med kvar si syster. Knut dreiv og reiste som kramkar og vart kalla Kram-Knut.

Ein kveld skulle dei på Grandane og setja garn utanfor Gjernesstronda,
der dei hadde fått fiskeløyve hjå Hadle Gjernes, svogeren sin.

Dei hadde berre ein flækje som del brukte som robåt. Det bles opp så
det var ikkje godt for Lars å halda jamvekta då han skulle setja ut
garnet. Og Knut som rodde, gjorde heller ikkje som Lars ville. Fleire
gonger heldt han på å vippa uti.

– Ka honn æ da du sito so å nykkje ette, du faor ro skikkeleg, Knut – utan kunde eg detta uti!
– Du faor passa deg! sa Knut.
– Passa meg! bles Lars. – Kor kan eg passa meg naor du site so og
nykkje, du tekje meg vel 'kje oppatte helde du, om du hadde nykkt meg
uti?
– Nei, eg gjort da 'kje fy inkje, sa Knut.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *