Internt referansenummer:B-000022
Kilde:
Segner – Gåter – Folketru Frå Nordmør
Av: Edvard Langset
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 61
OSLO 1948
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Edvard Langset

På Flatøy'n…


Det va ein kveld nokkå karra på Flatøy'n skull ut med kastnoten. Det va fint månskjenn. Så sett dem i Spellsunda attmed Spellhauja (1). Å best det va, fastna nota. Dem tok ti kor armen med dem va levvannes god te, men nota sto så fjell. Så tok dem ti att enno ein gong. Å så sleft nota, så kallann datt så lang dem va ni fjora. Med det sommå skratla det oppi Spellhauja: «Ha, ha, hai», sa det.

Å ein mann så låg ti ein båt, såg nokkå så rulla så ein stor stein nigjønnå sjø'n unna unnskora (2), med det sommå nota lausna.

Det va visst Spellhaug-gossinn så ha liggje der å heldt i nota for dem. 

(Frei)

(1) Haugen vert kalla so avdi folk høyrer liksom det spelar inni haugen, når sjøen er passeleg høg. Dei trur no det at det er sjøen som då gjeng inni haugen, og soleis kjem ljoden fram.
(2) unnskor: underskurd, nedste kanten på nota.

Fortalt til Edvard Langset den 7. april 1916, av fiskar Ivar Fladø. Han hadde høyrt det av far sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *