Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

På gjæting


Frå eg var ei liti toppe på 9 år, laut eg vera burte, i fyrstnuingi på gjæting.

Alle stader her ikring brukte bøndene gjætarar. Der dei i ikkje hadde gjætarar sjølve, laut dei leige, gutar eller gjentor, helst husmannsungar.

I vanleg ver om sumaren ikr. 1860 var me uppe kl. 3 – 4 om morgonen på stølen. Straks budeia hadde vekt gjætaren, stod han upp. Budeia hadde kvelden før teke av noko søt mjølk i ei treause. Denne mjølki kokte han upp, hadde kaldgraut nedi og åt. Soleis var det til kvar morgon. — Til niste hadde sume gjætarar med seg lumpe eller vaffel, etter som det passa med brødstellet. Dei åt ein gong når krøteri kvilde. Attåt maten drakk dei vatn.

Fyrst slepte me ut sauene og geitene. So løyste me kyrne og lokka dei burt i gjætslone. Kl. 11 jaga me heim. Kyrne hatt me no inn i fjøset og mjølka. Me mjølka dugur, sa me. Geiter og sauer slepte me no inn på kve-i, som var inne på stølsvollen. Geitene vart og mjølka no. Kl. 2 vart kyrne lokka burt i gjætslone att. Den fyrste økti, frå kl. 3-4 og til kl. 11, kalla me dugursøkte. Den siste økti, frå kl. 2 til krøteri kom heim ved 7-8, var langøkte.

Sist på sumaren, når nettene vart myrke og lange, lokka me åt gjætslone kl. 6. Då mjølka me um morgonen. Gjætarane tok då med seg mat og gjætte heile dagen, til kl. ½8 til 8. Då jaga me alle krøteri heim og mjølka til kvelds som vanleg.

Um sumaren i kjenver jaga me krøteri ut i gjætslone so tidleg me kunde, for då skjena gjerne krøteri heim før kl. 11. No stod kyrne inne i fjøset og sau og geit på kve-i, gjerne til kl. 4. Då jaga me dei ut i gjætslone att. No gjekk dei i hamnen til langt ut over kvelden, til soli var gått ned, og det vart kulsint.

Når krøteri kom ut or fjøset og skulde ut i gjætslone i langøkti, gjekk alltid budeia føre og lokka, og gjætaren gjekk etter og jaga.

Denne måten å ordne mjølking og gjæting på heldt seg til det vart sett på heimåsgjerde i 1880-90.

Det var ikkje store lønene gjætarane fekk. Ei gjætargjente hadde eit klædesplagg av kvart slag d. e. ein kjol, ein serk, eit par sko, eit par hosor og eit par attpåbindingar på hosor. Ein gjætargut hadde ei bukse, ei trøye, ei skjorte, eit par skor og liosor og attpåbindingar som for gjentor. Og so fekk me maten der me gjete, men ingen pengar.

Når me gjætarar var ute i gjætstøne, var me så visst ikkje gjerandlause. Fyrst på sumaren rispa me med oss fint briskebar til blanding i busaltet. Når me kom heim på stølen um kvelden, tømde me brisken i ei tro. Der hakka me han små. So hadde me salt og rnjøl og blanda alt vel i hop til basalt. Tå strie laga me ei stor kimme eller ein pose. Denne spente me på oss kring livet. Når me lokka på krøteri, kvar dei var, og dei kom, so tok me ei stor gaufn i neven og gav dei.

Det var òg taksten at både gjætargut og gjætargjente skulde ha med seg ein liten, kvass kniv. Med den flekte me store nevrar te å leggje surosten eller surprimosten på. Surostnevrar kalla me desse. Surve nevrar brukte dei òg til innsolar i skorne sine, når dei fekk gjort seg skor. Skorne vart so varme i botnen då. — So laga me vispar til budeia.

Fyrst på sumaren er grani og bjørki i svaingi. Med eg dreiv og gjætte, laga eg ofte klavar av grankvist og haveldre av bjørk. I svaingi vart dei så fine, for borken gjekk so godt av.

Stundom fann me gjætarar noko gras som veks på sume myrar, kaslegras, kalla me det. Dette la me i hop i buntar og reiva i kring ei tåg. Dette kaslegraset brukte budeia til å skure med.

Gutane skar vidjor og laga lekkar og speningar, St. Olaspeningar og gråtarspeningar. Gjentone skulde alltid ha ined seg ein building, når dei gjætte.

Og det var ikkje lite dei batt, for gjætingi tok til i våronni og heldt på alt var innhausta.

Når to eller fleire gjætslegjentor korn saman ute i gjætslone, so kappast me um å binde fort og fint. Me mælde av likt lang bundingstråd til kvar. So slo me ei lykkje. No galdt det å binde upp tråden til lykkja fyrst. Å ja, me hadde mangt snodig for oss!

Då eg var konfirmert, var eg burtpå Liaåse på gjæting. Eg gjætte på Vestrebø i Vestringsgardo, det året han Knut, sonen på garden, gifte seg med Ingebjørg Kollstad. Det var rugge som hadde med heimafylgd. Ho kom millom arma på garden med sju naut (seks kyr og ein ukse), tjuge småkrøter, ein gris, og ein fullt uppsala, spræk hest. Hesten var på Vestrebø te dei skaut han. På garden var det før 24 naut. So handla Vestrebo-mannen inn nokre krøter, so dei i alt hadde 48 naut og 160 småkrøter. Og alt dette var eg åleine um å gjæte.

Eg hadde visse, store feter i skogen som eg kvilde med krøteri på. Der gjorde eg upp varme tå brist og bar og kva eg fann, so det vart dugeleg røyk. Då låg krøteri rundt feten i røyken og pusta og kvilde so godt.

At småkrøteri strådde eg salt på marki. Dei gav seg då te å sleikje og gnaga te det vart reint svart. Dette kalla me å laga gnagarbol åt dei. Då fór dei ikkje frå meg.

I Vestringsgardo hadde gjætarane med seg buhund ute i gjætslone, men det var før mi tid.

Ein gong vart eg dugeleg skræmd. Krøteri låg på ein fet og kvilde kring varmen. Eg hadde teke upp maten min og skulde te å eta. Då reis brått den store firæringsuksen upp. Ress so best var, sette han i å belja og såg seg rundi. Då slatt det ei stor, flekkut gaupe over fetes. Alle krøteri upp og etter med fullt belgjarbol. Dei var so uppøste, at eg trudde dei hadde drepe kvarandre og meg med.

Berre ein gong te såg eg udyr. Det var ein gong eg gjætte kui mi uppi Amrud — uppi Nordåksbakko. Ress so det var, tok kui te sprove. Eg såg upp. Då slatt det ein bjørna-unge inn i skogen.

Eg gjætte i alt i ni sumrar, men ikkje so mykje som eit lamb vart burte.

Sume gjætarar hadde spikarslegne sko, gjætarsko. Det var berre gjætarane som brukte slike. I regnver sveipte gjætarane ein linsekk over akslene.

Me hadde lur og stut som me let på, når me gjætte. Stuten hadde me i eit band over høgre aksli, so han hekk under venstre armen. Når me stana med krøteri, stuta me eller lura, og då samla krøteri seg kring oss. Luring og stuting var ogso godt te å halde gråbein og andre udyr burte. Når dei høyrde stuten eller luren, skjønte dei at det var folk på ferde og sprang burt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *