Internt referansenummer: 14.03.2011 – Mail
Kilde:
”Gamalt og nytt frå Nissedal”
Nissedal Historielag

På jakt etter godsaker…

 

Gamle lensmann Trondsen hadde mistanke om at det foregjekk brenning av sprit på ein av gardane på Tjønnefoss. Bonden hadde ei gong i tida hatt det  privelegiet. Men nye lovar og forordningar hadde kome og bonden hadde vanskeleg med å godta dei, så han brant framleis sitt eige brennevin, den gamle. Lensmannen sendte sin høgre hand opp for og beslaglegge utstyret som blei bruka til slikt. Lennsmannsbetjenten  blei teken vel imot hos bonden, han blei vist inn, og praten gjekk om laust og fast og mat blei sett fram. Dei må ha funne ei god tone for måltidet blei runda av med ein god dram. Lensmannsbetjenten blei så full at han gløymde heile ærendet sitt då han tusla heim til Treungen  ut  på morgosdia. Gamle lensmannen måtte nedyve sjølv for å ordne opp. Då han kom ned til garden tok han med seg apparatet og det han fann av ferdigvarer som bevis. Lensmannen budde på Handelslaget på den tida og der var der eit holrom under trappa som han la dei beslaglagde bevis inn i. Urmakar Skrede som budde på loftet på Javnes hotel såg kor lensmannen gjøymde bevisa sine, urmakaren var  av den ”tyrste” slagen og var ned då det blei mørkt og forsynte seg av godsakene. Historien seier at saken blei henlagt for ”Skrede drakk opp beviset”.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *