Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

På kant med lovi

Barnadråp

Ei taus på Aksnes slysna til å få eit barn. Nei, eg veit ikkje kven det var med. So fekk styggemannen makti over henne, og so kasta ho barnet på sjøen. Han Tore i Neset fekk det i garnet sitt utfor Uppsåtelandet. Folk vart so spekte på Aksnes sidan. Om nettene ville ikkje dørene hanga i klummane. Dei flaug upp, og dei rikta og skreik på dummane, so folk lite fekk sova. Men dei vart ikkje vise med noko sers. Jau, det var berre på den jordi som tausi tente på. Kva ho heitte? Lat meg no sjå. Skal tru det ikkje var Inger? At ho var tå Larsajordi, det veit eg. Han
Gaml-Ola, godfar hans Sjurd no lever, var dreng på Larsa-jordi då, og han Jo Fodnaland var prestens medhjelpar. So det er lenge sidan.

Han laut no fortelja om dette barnet åt lensmannen, han Tore. Det står visst eitkvart i lovi om at folk skal seia ifrå om sovore. Og so skulle dei finna ut kven som åtte det. So kom dei til denne tausi og, og såg på henne. Då tipla det mjølk or tattane hennar. Dei visste nok då, tykte dei. Men gamle-kona i huset sa:

«Da hende at da kjem'e mjølk or kvigena og.»

Dei dømde henne til dauden. Men so fekk ho saki si upp att for ein ny rett, og denne retten gjorde om domen. Gjenta vart gift sidan. Ho og mannen budde eit bel på Aksnes, trur eg. Sidan flytte dei til Øystese.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *