Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

På kant med lovi

Brørne på Frøynes


Han Ola.
Det budde to brør på Frøynes, han Ola og han Mattis. Far deira heitte Ivar og var klokkar. Desse brørne fór med noko nasking. Det har helst mat og klede. Ola åtte ti born. Han laut gå frå jordi. Dei siste åri budde han på Meland i Kinsarvik.


Om lag der som smia hans Ola Ullensvang stend, der var eit felthus i gamal tid, og der gøymde dei feltkjolar og arma sovore. Han Ola kom seg inn og raska til seg nokre kjolar. Dei sakna kjolane, veit du, og so kom lensmannen til Frøynes. Han Mattis fekk gøyma dei av. Dei sa at han stakk dei inn i ei hole i Frøynesurdi, og der ligg dei vel endå, om dei ikkje har rotna.

Det var ikkje so lenge mellom kvar gong lensmannen hadde ærend til garden. Ein gong hadde det vorte borte noko kjøt. Lensmannen leita både høgt og lågt, men han såg ikkje likt til noko. So stod han med handi på dørklinka, ville gå.


«Her æ ingjen ting å finna her», sa han.

«Du ha ikkje set i sengjæ hinna mor endao», sa ei liti gjente som dona seg på golvet. Mor hennar låg sjuk, ho. No laut ho risa, og under halmen låg kjøtet. Han Ola laut sitja gong på gong.


Med gravi hans song klokkaren (broren):

«O Gud, lad mig aldrig lære
Ondt af denne Mand,
Om end mine Feil de ere Flere
end som Havets Sand,
Om jeg med min slemme Synd
ligger dybt i Dødsens Dynd,
og er skudt af Satans Pile,
Gud, lad mig dog ei fortvile.»


Han Mattis.
Han Mattis var veidemann tå yrke. Han skaut når han var kjøtlaus, kva tid det so var på året. Det seier seg sjølv at han lika ikkje den nye veidelovi.


«Loven er god nok, den, bare den blir overholdt», sa presten.
«At du æ toskjen, da vait eg, men at du æ so toskjen at du forsvarar denn' lovæ, da hadde eg ikkje trutt», sa han Mattis.


Ein gong skaut han fugl uløyves. Då sa han:


«Da haite at det faller ikke en fugl til jorden uten Vårherres vilje. Men da æ ikkje so mæ denn!»


Dei sa at han Mattis var meir utkropen enn broren. Han var klok og sløg og uvyrden. Ofte felek han skuldi over på han Ola, om det ikkje beid annan utveg.


Då han låg og skulle døy, då sa han:


«Hø, hø! Eg ha no vò fy retten femtan vendùr. Men dai ha no ikkje fengje nùkù inpao meg endao.»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *