Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

På kant med lovi

Han Snaue-Nils


Folk miste mjøl i byrdone. So spurde dei seg fyre hjå Smørsund-kona.


«Eg vait vel ken da æ», sa ho. «Ve de ha ait synernerkje?»


Jau, det ville dei ha.


«Dan mannen ska myssa håre», sa ho.


Eit bel etter vart han Nils snau.


Han budde med Djuvet, heiter det. Sume sa at han sat på eit plass med Ekkje. Og so veit ikkje eg. Det kan vel vera at han flytte. Ein kar kom inn i stova hans og spurde:


«Æ han Snaue-Nils haima?» «Han gjekk nett ne-ùm, skù verta lòen», svara kona.


I ungdomen låg han Nils i Hellandsbygda og gjætte. Det hadde vore so mykje skrymt der. Gjætarane hadde lege under ein heller, men dei hadde aldri fått fred. So hadde dei lote slutta, den eine etter den andre. So skulle han Nils freista. Ei natt kom det eit utyske til helleren. Då reis han Nils seg or lega og sa:


«Ligg'e eg i vegjen, so ska eg flytta meg.»


Han fekk ikkje svar. Men utysket kvarv, og sidan fekk han Nils liggja i fred.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *