Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

På Knikthågen

 

På Knikthågen innum Vensmoen (Saltdal), for dei og såg mykje rart gammalt attende. Han Peder Bentso var ein av dei. Kva tid han kom ditett, fekk han eit kvinnfolk i lag med seg. Ja, denne for og fylgde etter han; medkvart var ho so nære han kunde nevehelsast med henne. På eit vis syntes han det var motig dette; men han tordest ikkje gje seg av med henne heller. Han gjorde oftast som han ikkje såg, berre.

Ein dag han var der og hogg tømmer, hadde han dette kvinnfolket hos seg. Når han hadde fått i koll eit tre, kom ho og sette seg på stokken; og der hadde han henne heile tida med han kvista og flekt av borken; ho flytta berre so høveleg unda kvartetter han hogg. Og på dette viset fylgde ho etter frå tre til tre heile økta.

Det var ein til kall på Røkland; han var so jamt i kast med huldra der på Knikthågen. Namnet hans har eg no gløymt; men det var ikkje denne Peter Bentso, eg før har tala um. Ja, han var jamt ute for henne denne. Og ho var so til å klina seg innpå han, so han lika ikkje noko på dette selskapet. Med-kvart for han og kjesta henne frå seg; men ho tedde seg fram att, og var like nærsøkjen. Men ein gong fekk han gjera henne eit bra pek. Han dreiv på og kløyvde ein stokk; og ho sat umskrevan på same stokken. So lura han seg til å slå or ein kile, og det bar no fast med rumpa hennar i klovningen. Men då fekk han sjå til spel! Ho sleit og arbeidde til ho var so arg ho berre frøste; og dette endast med det ho sleit rumpa av seg. Men då strauk ho sin veg. Og kallen vart no skilt med henne for godt.

Eg vil inkje sei meg fri å ha set underjordiske på Knikthågen eg heller.

Det var ein vår vi var so plaga med nokre kjellingar frå Lillealmenningen. Dei vilde ingen annsta’n vera enn her hos oss. For berre og forarga seg. So ein kveld vart eg og han Peder-bror skikka innover med dei. Vi fekk dei i band, og tok etter moane innover. Dentid vi var på Knikthågen, gjekk vi oss frami eit kvinnfolk. Ho sat på eit vindfall, og i fanget hadde ho eit tystykke som ho sauma på. Vi vart no standande der å sjå. Du veit kor ungane er. Ho var jussom lita på vokster; men det eg mest beit marke i, var tystykket; det var slike pene fargar. Blått og raudt, med urlite kvitt i. Sjølv var ho i blå klea, det minnst eg.

Alt med vi no stod slik, kom vi til å venda oss til ein annan kant; det var gjerne noko vi høyrde. Men dentid vi skulde sjå etter kvinnfolket, var ho burte.

Ho Hedvika i Skipmannvik var til gjætar på Kvæle (Saltdal). Når ho kom med kretura i Vensmoen, fekk ho ein flokk underjordiske kretur i lag med. Men um kvelden, då ho jaga heim, skilde dei seg or. Og på dette viset hadde ho det heile sumaren.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *