Internt referansenummer: 04.10.2009 – A
Kilde:
Folkeminne frå Sunnmøre II
Jørgen Gjerding
Ålesund 1932
I kommisjon hjå Alb. Gjørtz Bokhandel
Klikk her for å lese en ”innledning” til boken.

På Kyrkjebø eller Lassegarden på Sula

På Kyrkjebø eller Lassegarden på Sula såg dei ljos fleire kveldar inne i stranda millom Barstadvika og Nøre Vartdal. Ein kveld drog dei avstad for å sjå etter kva dette var for noko. Då dei kom inn, fann dei ei stor jarnslega bombe attmed den kjende Kyrkjesteinen, som ligg på ein stor haug, med mange mindre steinar rundt om. I bomba var der gamle myntar, pengar frå gamle dagar. Dette tok dei med seg og for heimatt. Men kvar det sidan hev vorte av det, kjenner me ikkje til.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *