Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976
Klikk her for å lese føreordet

 

Det var ei hardbalin tid for dei som var gamle og utslitne og ikkje hadde noe å falle tilbake på. I gammal tid kom slike på legd.

Dei fleste som hadde legdslemmer i huset, stelte seg vel visleg med dei gamle stakkarane. Men det var au slemme unnatak. Såleis tala dei om ein gammal mann som gikk på legd i Nordre Land. På ein gard der fikk han sengstaden sin i fjøset. Det einaste han hadde til deksel over seg, var eit skinn.

Ein morgon budeia kom åt fjøset, fann ho den gamle mannen død i skantilet bak ei av kuene. Folk gissa på at stakkaren hadde prøvd å kome i båsen åt kua for å verme seg, og så hadde ho sparka han over ende så han forslo seg og dødde.

(Bildene er kun illustrasjonsbilder)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *