Internt referansenummer: 02.02.2022 – B
Kilde: «Slik var hverdagen»
Arbeidsfolk forteller frå husmannskår, anleggstid og kriseår.
Redigert av: Hallgrim Høydal, Kari Moen og Jostein Nerbøvik
Notodden historielag
NKS-Forlaget
Oslo 1988
ISBN 82-508-0499-6

Forteljar av denne historien er Sigurd Olsen

 

På legd

Dæ va legd i Omersdal — omgangslegd. Dæ va helst gamle folk som blei sette bort, å dei sku vera på ein gard i ei viss ti, elt ette som brukets størrels va. Dæ va jamtover smått fe gamle folk, å dæ va fælt å sjå hoss dei ha dæ. Nokka kom borti avhól i sine siste år. Når dæ sku sytjås bort gamle folk, møtte bondane upp fe å få greie på hokken dei sku ha. Så henta dei gamlingan mæ ei kjærre å kjørde dei heim te seg. Eg veit at dæ ein gong va ein gamal mann som sku fløtjåst, men han låg fe døden. Han fekk ikkje liggje dær han va — nei, dei la han på ein sløå fe å kjøre han te neste gard som låg fem kilometer onda. Han døde på vegen. Nå va dæ berre å kaste han ned i ei kiste ta uhøvla bord å så begråvå’n. Dæ va ingen stor seremoni dær, nei.

Illustrasjonsbilde malt av Perov Vasily (1833-1882)

Om forteljaren Sigurd Olsen

Sigurd Olsen heiter denne forteljaren. Han blei fødd i 1867 i Åmotsdal, ei bygd i Seljord kommune. Intervjuet er gjort i 1956 på Notodden, der Sigurd Olsen slo seg ned etter å ha vore innom ulike arbeidsplassar. Me høyrer om gjeting, onnearbeid, føring og Amerikaferder, «eksisen», åra på Skrivargarden i Sauland og hjå gammallensmannen på Mosebø. Til sist vart det arbeid på Salpeterfabrikken og i Misjonshuset.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.