Internt referansenummer:B-24.01.2014
Kilde: GLYTT FRA ULVIK – SKJEMT OG ALVOR
Forfatter: JØRGEN BERGO
Prenta i Voss Prenteverk AA, Voss
Voss 1982
Forleggjar: Hans Bergo
ISBN 82-90451-00-8
Klikk her for å lese ”Føreordet”
Klikk her for å lese en «mini-biografi» om Jørgen Bergo

På leite

Vegen til Bergo tek av like før nedkøyringa til Ulvik. Eg går av bussen og ruslar bakkane oppover. Spaninga stikk i meg. – No snart opnar utsynet seg og eg har bygda for augo. Er ho slik eg har sett henne for meg, slik ho har levt i minnet når eg av og til stoggar opp, tek meg tid til å minnast…

Eg svingar inn på Leite, og det synet som møter meg er så takande og sterkt, så glimande at eg kjenner det som eg vil gå bakover, – så vent at eg maktar ikkje å ta mot alt med det same. Eg må setja meg ned…

Det er sommar og alt står i blom. Fjella står ikring — med snø på toppane. Bak meg har eg Sotnuten, Kjeringafjellet og Kvasshovden, til venstre Vassfjøro, og Onen rett i mot, og Oksen til høgre. — Jau, dei er der alle saman. Og bak desse øygnar eg andre tindar og toppar som glimar i sol og snø.

Nede i «gryta» ligg gardane tett i tett med blømande frukthagar kring fjorden.
Jau, dette er heimbygda mi — «Bygda burtum viddo i vest». Denne vesle sprikka i fjellheimen som fangar ditt barnesinn slik at du aldri vert ferdig med det kor langt du fer…

Eg har sjølv kome og reist, reist og kome i meir enn femti år. Alltid må eg attende – med års mellomrom — for å sjå, for å høyra susen frå skog og fjell — for å høyra stilla…

I dag bryt framande element stilla. Ein kompressor tek til å bråka i nærleiken. Dei held på med ei tomt her på Leite. Det skal byggjast hotell her. Det er fleire som vil sitja her og sjå. — Eit åttekanta hotell skal byggjast her — med utsyn til alle kantar.

Eg freistar å ikkje høyra kompressoren, freistar å ikkje sjå det kjempekrateret dei har sprengt opp midt i finaste enga på kårteigen hans Gamle-Nils Litle-Bergo.

Jau, han skulle sett korleis dei stukar her no…

Eg tenkjer attende i tida. Det var Gamle-Nils som dyrka opp Leite med spade, våg og grev. Den breide steinmuren som enno står her like god, syner at det var mykje stein på kårateigen.

Då eg var smågut – omkring 1916 – hugsar eg vågene han hadde brukt stod her attmed ei kronglefura. Eg var her stundom og hjelpte kona hans Nils, ho Gaml-Ingebjørg, med slåtten. Ho var fem år yngre enn han, og greidde å vinna inn kårteigen med litt hjelp. Han Nils gjekk der og rusla med to stavar. Sette han seg ned på bakken, laut me hjelpa han opp att.

– Eg vette so sjure, sa han.

Det var gildt å sitja her i den frodige enga. Før var her berre lyng og stein og inkjevetta. Eg trur Nils og Ingebjørg fødde to kyr og nokre sauer på kårateigen sin.

Og no? – Fôr til to kyr og eitt kydlag trakka ned og øydelagt. Kor mykje smør kunne det har vorte, tru? – Omkring 200 kilo smør for året, og dertil mykje godt saup og fulle skyrsåar i kjellaren…

Eitt hundre tusen kroner vart garden betalt med no.

Du verda! Det hadde sikkert svimra for han Gamle-Nils. Men dette med kroner og øre i høve til jord og skog, mat og klede er eit lite fast omgrep. La oss rekne i smør. Ei krone kiloen, helst mindre, vart smøret betalt med i Gamle-Nils si tid. I dag er vel smørprisen ti gonger så høg, eller – krona ti gonger mindre verd – som ein vil. Etter dette finn eg ut at garden er betalt med 10 tonn smør. Om Gamle-Nils i 1870-åra hadde få 10 tonn smør — det var då lik 10 tusen kroner. — Ville han ha selt, tru ? — Det hadde vore dobbelt pris. — Nei, han hadde nok ikkje selt. Sveittedropar er ikkje alltid til sals for pengar…

— «Stor-folkje», nemnde ho Gaml-Ingebjørg turistane. Me kunne sjå og høyre dei nede i bygda der vi sveitta i solsteiken med høybørene…

— Dei sùta, sa ho. — Me fær anna vita…

Mindre enn eit halvt hundreår etter ho vandra bort, er dei i ferd med å byggja eit ovstort hotell for «storfolkje» på kårateigen hennar.

Eg ser på klokka. — Det lid til «daur». Ho Gaml-Ingebjørg turvte aldri klokka. Ho såg på sola når det var tid til å gå heim og setja seg —«hengja på dauren».
Her eg sit, sat han Gamle-Nils. Han såg og såg det same som han hadde sett i meir enn åtti år. Men kanskje var det ikkje bygda han såg, — kanskje sat han og såg innover i seg sjølv og tenkte som eg gjer i dag: Kanskje er dette siste turen ? — Siste sommaren?

Han Nils såg likevel ikkje det eg ser i dag: vegen og bilen. Han høyrde ikkje det eg høyrer i dag : Gravemaskina, kompressoren, traktoren.

Kva er det som har hendt med oss frå den tid han Gamle-Nils trakka her?

Han kunne vore bestefar min. Det er ikkje lenger sidan.
— Og likevel — —

Han Gamle-Nils hadde tid, tid til å sjå, ro til å tenkja, — han hadde fred i hugen. Eg såg det i augo hans. Det er kanskje difor eg hugsar han.

Men eg — me — må jaga vidare, — alltid vidare medan me lyder bakover etter freden som var ein gong, — freden på jorda…

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.