Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

På Rusånesmølna

 

På den gamle mølna i Rusånes var dei medkvart frami underjordiske. Det var ein mann som låg der og mol julmaten. Då det vart kvelden, hadde han enno bra korn att i mølnskreppa; men no vilde han gjera seg skilt innan han gjekk; soleis kom han til å bli malande der frametter natta.

Men no var han komen i villreide med tida, denne mannen; han visste det lakka til jul; men kor mange dagar det var att, det var han like slug um. Dei hadde ikkje almanakka på kvar manns vegg i dei dagar. Ja, som han no sat der i sine eigne tankar, visste han ikkje av før det skar i å ropa med eit sterkt og grovt mål gjenom mølnturen.

«Mala, mala stuvann! Dagann to å næt’n tre tel julann.» Og no visste mannen at det var i siste passen han var ute og mol julmaten.

Men han Litl-Johan i Almenningen var uti ein spassasi der. Han låg der på maling ei natt. So hadde han lagt seg etter mølnbenken; og med han låg slik i ein halvor, visste han ikkje av før det la til å slå i veggen so det berre skrall. Han upp og i døra; men der vistes ikkje noko. So let han att etter seg; men vel døra var i, fekk han andre støyten. For han høyrdest det ut som det var drive ein vedlegg i tømringa. So var han ut att og glytta, men visste ikkje å sjå noko. Men fyrst han var innum døra, døndra det laust att. Og då han hadde havt det på dette viset eit tak, tørdest han ikkje dry av der lenger; han sette mølna og for.

Men han Johan hadde vorte so avklara av denne styren so han vann seg ikkje heim. Han kom seg so langt som til Stein-lia; der dasa han av; og nokre Nordneskarar fann han der på morgonen (Saltdal).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *