Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

På Samlaget

Han Andreas i Gryllefjorden hadde lege verfast i Tromsø i tre veker på tur til Finnmarka. Brennevinskaggen, som i den tida hørte med til ei velutrusta finnmarksferd, var blitt tom, og pengar var det smått med.

Men han Andreas fann på råd. Han slo sju liter vatn på kaggen og gjekk opp til Samlaget og sa:

«Det er sju liter brennevin på denne kaggen, og det er lite å fare på finnmarkstur med. Du får fylle han med brennevin, og det må vere av beste sort. Han tar femogtyve liter.»

Kaggen blei fylt, og så skulle han Andreas betale, men kunne ikkje finne pengboka.

«Skulle du ha sett slikt. Eg må ha glømt ho ombord», sa han Andreas.

«Ja, då får du ro ombord og hente pengan'. Kaggen kan stå her så lenge», sa betjenten på Samlaget.

«Nei, er du på styr?» sa han Andreas. Har eg tid til slikt no når vi ligg seglklare nede med Killengrenbrygga. Eg skal sende pengan' på land, det kan du lite på.»

Men betjenten ville ikkje levere ut kaggen før han fekk betaling.

«Ja, då velt eg ikkje anna råd enn at du får måle av det du har hatt på kaggen. Det var sju liter på han frå før», sa han Andreas.

Betjenten brukte munn, men han målte av, og han Andreas kom ombord til gutane med sju liter brennevin på kaggen.
(Magnus Balsvik)

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *