Internt referansenummer: 11.03.2011 – II – BOK
Kilde:
EG MINNEST
Nils Sund
Klikk her for å lese en «minibiografi» om Nils Sund.
Nils Sunds forlag
Haugesund 1951
Nils Sund trykkeri, Haugesund
Klikk her for å lese innledningen

 

På sildabein er byen lagt

Då vårsildå ikkje kom att, såg haugesunderane seg om etter sild andre sta’er. På Helgeland hadde dei fiska sild kvar sommar etter 1863 og der hadde vore både notbruk og kjøperar herifrå. Det måtte vera råd å gjera meir av det. Johan Thorsen sette opp salteri i Åsvær og skal ha tent 21,000 dalar på 2 år, der. Det blei fleire som bygde salterier nordpå, både i Åsvær og Lovtinden, og fartyå kom heim kvart år 1876-80 med omlag 100 tusen tønner feitsild og storsild, i 1881-85 med meir enn 150 tusen. Det aller besta feitsildfiskje var i Eidfjord i 1897. Silda-båtane gjekk som i fast ruta fram og tebars mange gonger og då kom det penger te byen.

I 1903 var det og godt fiskje i Eidfjord. Der blei stengd kolossale mengder og goe prisar var det i utlande. Det var derfor om å gjera å få last straks, koma seg heim og nordøve att. Men der måtte dei liggja og venta på børt. Rasmus Kolstø, som førte ein av Steffen Staalesen sine sildabåtar, eg hugsar ikkje nå anten det var «Jøkul» eller «Skude», kom på å ta med seg 5 av dei billege fonografane mine og ein del rullar. Same kvelden han var framme, bad han notbasar ombord og sette fonografen i gang. Dette var noke nytt, nei såvoren sku dei hatt med heim te kona og bådn. Det kan bli råd med det, meinte Kolstø. «Får eg last straks, ska de få kvar sin». Han kom heim lenge før dei venta’n.

Haugesunderane var ute etter sild andre sta’er og, både i Skjærhalden og Hvalerøyane i Austfold.

Det var med fiskje der som med vårsildfiskje: det kjem og blir vekke med års mellomrom. Det tar te i Båhuslå,n, somme ti’er i Skåne. Så drar det seg lenger nord, år for år te det sluttar i ytre Oslofjor’en mellom Hvaler og Langesund. Det fyssta sildaåre eg kjenner te der, er i 1150. Då kom sildå uventa te Skåne og Båhuslån og sto somme sta’er så tett at dei kunne ta ,na med nevane og mest ikkje få årane ner i Sjøen.

Det nesta fiskje der som eg veit om, var i 1557. Men det har vel vore mange fiskjebolkar mellom dei årå. Det blei storfiskje langs heile Båhuslå,n og nordøve med sentrum i Marstrand. Dette var norsk land då og den norsk-danske kongen Fredrik II reiste i 1585 te Marstrand for å sjå koss fiskje gjekk for seg. (Kanhenda han var redd for at dei lurt’an på skatten). Ikkje for det, det var visst litt av kvart å sjå ettersom der står i «Den norske so (sugga)» — eit dikt frå den tid. Der står: «I Marstrand og omland samlast på 10 mils avstand pakk og pøbel frå alle land». I 1589 tok fiskje lika brått slutt som det hadde tatt te i 57.

Det nesta fiskje på Båhuslån som eg då veit om, tok te i 1871. Då fiska dei eit sneis tønner utanfor Gøteborg. I 1877 og frametter var der storfiskje, men det minka i sør og auka i nord, år for år.

Det kom heilt uventa på folke i Hvaler og deromkring. Dei hadde gløymt ut ti’ligare sildaår og hadde verken båtar, garn eller nøter. Men så kom haugesunderane. Ein av dei var S t e f f en Staalesen.

Han blei konfirmert i 1883 og hausten etterpå reiste han te Hvaler med jekt, tønner og salt. Sjøhusmannen deiras og bøkrar hadde han med seg og kom heim på nyåre med full last. Ein annan eg veit om var Johannes Fresvig. Han kom heim eit år med både sild og kona. Eit år var 29 farty austpå og kom heim med 28,000 tønner fiskepakka fin sild, stor som islandssild. Av not¬bruk hugsar eg eit frå Torvastad med Sven Hauge som bas. Han gjore eit stort steng og selde både sild og nøter te eit Oslo-firma som ville ha det ståande utøve våren (henstandslås).

Dette fiskje slutta straks etter hundreårsskifte.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.