Internt referansenummer:B-000022
Kilde:
Segner – Gåter – Folketru Frå Nordmør
Av: Edvard Langset
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 61
OSLO 1948
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Edvard Langset

På Skogna-skoja ha dem ein hestsvein…


På Skogna-skoja ha dem ein hestsvein så va så gild te å stell hestå. Hestann der på garda va feit å blank om vår'n, enda det va for-nø. Folk undra se på kor det kunn ha se 'ta. Dem trodd det va ikkje riktig rett. Så va det ein gong 'na hestvein kom med ei stor høybør, så dem nøye (1) såg 'n 'punn. Ho va på lassvis. Da 'ta kom for presten, så reist 'n på garden å villa ha greiå på 'na hestsvein.

Men da va ikkje hestsvein å treff. Så tok presten å spor husbofolke. Å dem va likså redd for di. Å kjerringja villa serleg ikkje ut med nå. Så spor 'n om kva mat han fekk, å kva lønn han ha.

Da sa 'å det, kjerringja, at han ha fått god mat, å ho stella 'n godt, si 'n va så gild ein dreng. Han fekk rømgraut å slikt nokkå. Så ba 'n dem ta opp ei fjøl tu stallgolve, å da låg maten han ha fått der. Da villa 'n ha dem te å kall inn hestsvein, men han kom ikkje.

Å da sie presten det, at e det slik kar så ska 'n vel låtta komma fram. For presten ha gått på Wittenbergskula (2) å visst korleis han no skull ta åt. Så tok 'n te å man 'n fram. Å så fekk dem først hør att 'n krafsa på døra, så ein hund. Men da sa presten at: «du ska få komma i ditt rette skikkels».

Da kom 'n inn så ein blåklædd kar med hesthov på di ein fota. Å da fyllt 'n døra (3). Da sa presten det åt 'nå, ja, at: «du ska ha gjort frå de her på garda, å ha de dit du kom i frå». Ja så for 'n først oppunne murpipå med 'nå. Men han mana 'n inn att. Å så sa 'n det: «Det va for godt rom åt de der».
så gjor 'n eit hol ti glasblya med ei nål. «Der ska du ut gjønnå», sa 'n.

Da sa 'n det hestsvein, at det va forgale du skull komma no. E ha tenkt tent opp mann her i husa. Å no feilt det berre det ein beine i stola så kjerringja skull sitta på i helvetta.

Å med det sommå for 'n utigjønnå hole. Å da va det berre så det knaka å kvein i husa. Å ti 'nå sjøl pista det så ti ei langromp (4).

Med 'na presten var der i bygden, så dem ikkje nå meir te Gamlå. 

(Gjemnes)

(1) Nøye: knapt
(2) ”Han kunn osevanleg mykje”, sa forteljaren.
(3) Han va alltså så stor å høg att’n fyllt døra.
(4) langromp: mus

Fortalt til Edvard Langset den 14. august 1922 av Torstein Størkårson Røvik, høyrt det av Knut Johannesson Rørvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.