Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

På Sundby var det ein underjordisk by…

På Sundby var det ein underjordisk by; den gjekk frå Strupo og heilt til Sjågennja. Husa i denne byen var bygd so nær i einannan so det vistes som eitt bygg heile turen utetter. Og alle var dei raudmåla.

Han lærar Teting var uti ein spassasi der ein kveld; han skula på Sundby den tida og hadde hus hos henne Ane Perst. No var denne Teting’n ein som aldri vilde tru på underjordiske og slikt; og han dreiv jamt og hærde dei som trudde; han sa det var berre overtru.

Ja, han kom gangande der ein kveld, og var komen motes til Strupo. So vart han vis at han hadde eit kvinnfolk etter seg. Etter kledrakta var det ikkje ulikt eit lappkvinnfolk; for det var ikkje myrkare enn han såg det. So snakka han til henne; men fekk ikkje svar. Men då han var med Versell-diket, og skulde på stokkane, var ho heilt i han. Og før han meir ansa seg, la ho handa over armen hans, jussom ho vilde han skulde stø henne over diket. Men dette lika han ikkje på; so skunsa han til henne. Men med det same fekk han ein so huva fyrst fauk av, og næstetter raus han over og vart liggjande i diket so lang han var. Og med det vart han skilt med kvinnfolket.

Ho Ane syntes han var noko kuren og ulik dentid han kom i stua. So ho forstod han hadde vore uti det på eit vis. Og då det leid um ei økt, fortalde han um denne hemsingen han hadde fått i Verselldiket.

Men attpå dette fekk han Teting ei onnor tru um dei underjordiske (Saltdal).

Ei tid etter eg kom hit til Evenesgård, var eg reisande heim til Sundby ein tur for å sjå åt folket mitt. So ein dag var eg gangande burt til elva. Det er so underleg å koma baker til dei stella der ein har leika seg som barn, veit du. I den tida låg det ein stor stein midt i strinda i Peter-gleina, vi kallar. Og burt på denne steinen vart eg vis nokre smågluntar; dei var tre saman, og sat med kvar si trøe i handa. Kor må no desse gluntane vera komne seg ditett? var det fyrste som ranns meg i tanken. For elva var i storhøvan, og steinen var langt frå land, som sagt; so eg undrast berre på kor dei var komne ditett. Men so vart eg vis det var fritt for båt burte hos dei; og då fekk eg forstand på at dette ikkje var rett fatt.

Gluntane vende so høveleg frå meg; og dei sat og snakka åt einannan. På hovudet hadde dei kvar si raudhuve, elles var dei vanlege klea, det minnst eg. Ja, slik vart eg no standande å skøa dei eit bra tak. Men best det var, vart dei burte for meg; det var som dei sokk ende beint ned der på steinen. Kan du forstå deg på slikt?

Seinare kom ein mann av Næstby til å få sjå nokre gluntar på ein stein burt av Næstbyholmen; dei òg hadde trøer og sat og tøymte. Som desse eg såg ved Peter-gleina.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *