Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Paa garden Bø i Karmsund…

Paa garden Bø skal ha stade ei kyrkja. Der er nokre likkistesteinar som tyder paa at det er so.

Eit stykke nedanfyr Bø fann dei ikring 1880 ein stor kjellar under jordi. Nede i kjellaren stod tvo urnor; men dei vart til mold so snart folk kom nære deim. Dess umframt var det nokre brende bein.

Eit stykke nordanfyr Bø er ein haug som dei kallar Haavardshaugen, og der stend det ein stein som dei kallar Haavardssteinen. Ein gong i 1880-aari fann dei der nokre spjotoddar av flint. Det vert sagt at det paa Bø ein gong budde ein konge som heitte Haavard.

Haavardssteinen er ikkje særs stor no; men gamle folk segjer at dei kann minnast han mykje høgare. Folk hev tid etter tid slege smaa stykke av han.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *