Internt referansenummer: 21.06.09 – A
Kilde:
HULDER OG TROLLSKAP
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN IV
NORSK FOLKEMINNELAG XI
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG 1925)
Prenta hjaa Johansen & Nielsen, Oslo

Paa Kraaksætra

(Ei huldersegn)

Paa Kraaksætra var det so mykje rart fyrr i tida. Ho Marte Rønningen tala um ho for og saag noko der:

Aa ja, det var nok ikkje vondt aa sjaa slikt der, skulde eg meine, baade folk og krøter. Eg minnest full ein gong eg fekk sjaa ein buskap midt i tjukke graset paa Nystuvollen, naa’n digre, ternute kyr. Fyst vart eg berre staande og stara paa døm, for eg kunde ikkje skyna kva dætta skulde bety’. Men so drog eg no ut og skulde jaga deim taa, og daa fekk eg sjaa ei kjerring fraa heimegrenda som daa hadde vore daud i mange aar, gjekk og gjætte deim. Men i jøssenam sa eg, aa er ‘ta for naa, da? Daa vart de burte altsaman. Men eg vart so antererd so eg var ikkje lik meg sjølv paa mange dagar att. Og so det dei skal ta paa seg skaftningen aat den daude da, styggpakket!

Ho Maren, syster hennar Gammel-Anne var so i beit med deim der, so ho kunde ikkje vera aaleine ho. Dei høyrde dei gukku og lokka og ropte Ma’aa etter henne rett som det var. Kva dei vilde henne, eller korleis dei bar seg aat naar ho var aaleine, visste dei ikkje, for ho Maren vilde aldri fortelja noko eller ha noko prat paa det. Men noko var det full, for ho vart no ikkje gamall. Ho døydde daa ho var 24 aar, anten dei daa hadde sett dauden paa henne, eller ho fekk han lel daa, det skal ikkje eg segja.

No er det full ein 80 aar sidan ho Jonser-Anne laag i Kraaksætra med vermor si. Det var endaa fyrste sumaren etter ho var gift, ho Anne, so ho var ung og sterk og tykte ho fekk nytta tida, og hadde med seg baade rokk og vevstolar. So var det ein morgon ved 4 tida ho sat og spann, det ho fekk høyra ei grov kubjølle, og so sette det i aa lokka so det svarast i berget.

«Nei naa mener je a Live har vørte spennande galin, som alt har løst ut naa!» sa a. Ho Live var kjerringa paa Gammelstu Glomstad, og laag paa Øvervolten. So gjekk ho burt i glaset; men der var ingen ting aa sjaa. Gjekk so ut. Men det var det raraste ho hadde vore ute for, for der høyrde ho so skjellugt buskapen rekte like attmed seg, so ho kunde skilja ku etter ku som gjekk. Det skrapla i steinane taa kutraaket, og innmillom var det smaatraak taa sau og geit. Nedover bar det med lokkinga og bjølla, so ho kunde fylgja ljoden steg for steg nedover aat Fallberget. Best ho stod og lydde, sette det i med tri kvasse hugg: Vovv! vovv! vovv! kring føtene paa henne. Daa visste ho kva det var, og skunde seg innatt, for dette var berghunden, hunden aat haugfolket.

Ho Anne Maria gjætte paa Kraaksætra ein sumar. Men ho var ute for noko rart ho. Ein dag kom det to fine jomfruer aat henne i skogen, dei skulde ha vore so vakre med langt, utslege haar. Desse jomfruene hadde fortalt mykje aat henne; men kva det var, hadde ho ikkje lov til aa tala um. Noko rart var det no, for fyrr kunde ho ikkje lesa; men etter den dagen vart ho slik ho kunde sitja og lesa upp lange stykke utanaat tur Bibelen.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *