Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Paa Ørekvam

Paa Øvrekvam (Suldal, høyrde fyrr til Hjelmelands skipreida) heldt det seg mykje huldrer i gamle dagar, og dei gjorde mange spikk. Ein gong var kona i eldhuset og koka. Daa ho var ferdug, hengde ho eit klædeplagg i skjerdingen og gjekk inn i stova. Sidan kom ho ut att, og daa var plagget burte; men i skjerdingen hekk det ei stor sylv-krus som saag ut til aa vera reint makalaus. Kona sprang inn og fortalde dette; men folki inne spurde um ho hadde mist vitet sidan ho ikkje hadde teke krusi. Daa gjekk ho ut att og vilde gjera det; men daa var krusi burte, og plag-get hekk i skjerdingen soleis som ho hadde hengt det fraa seg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *