Internt referansenummer: 21.06.09 – A
Kilde:
HULDER OG TROLLSKAP
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN IV
NORSK FOLKEMINNELAG XI
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG 1925)
Prenta hjaa Johansen & Nielsen, Oslo

Paa Rostad (Ei huldersegn)

Paa Rostad vart det burte ei barselskjerring ein gong gamalt attende. Den tid brukte dei ha borna aat kyrkja til kristnings mykje fyrr hell no, for so lenge barnet ikkje var kristna, var dei alder trygge, at ikkje hulderfolket kunde byta aat seg ungen eller setja vondt paa han.

Daa no barnet aat denne kjerringa paa Rostad var so ein 6-7 dagar gamalt, drog dei aat kyrkja med det, og kjerringa, som ikkje var uppe att enno, hadde berre ei gamalvori gjente til aa stella seg, ei som hadde vore so ei halvtulle all si tid.

Daa dei kom att fraa kyrkja med barnet, var kjerringa burte, og denna gjenta fortalde det hadde kome ein kar og teke henne paa ryggen og gaatt med henne. Alt dei no leita etter henne var like faafengt. Ho vart burte, kjerringa.

So nokre somrar etter var det ein kar fraa Rostad som gjekk i hestskog. Dei hadde ei inngjerding hestane gjekk i, og der hadde dei vorte burte, endaa skigarden var heil. Detta hadde dei ofte vore ute for, og kvar gong dei fann att hestan, var dei so sveitte som dei skulde ha vore i tung køyring.

Med han no gjekk i skogen og leita, kom han aat ein gard han alder hadde set fyrr. Detta tykte han var rart, for han skulde no vera kunnig; der i marka. So gjekk han inn. Der sat Rostadkjerringa og spann ho. Ho vart so glad ho fekk sjaa att heimfolk, so ho var mest fraa seg sjølv. Ho hadde so mykje aa spyrja um, so guten rakk mest ikkje svara paa alt, korleis det var med borna hennar og mannen hennar og krøtera og heile garden baade ute og inne. Daa ho fekk høyra det var hestane han gjekk etter, tala ho um kvar han skulde finna deim.

«Min dø skær tomle hesta naar dø slepper døm, saa faar døm gaa ifred. Likeeins
er det med sætermaten. Huskjerringa her sit milla muren og veggen i sætra, og ho tek bort halve maten før døkk.»

Daa no guten skulde til aa gaa att, sette ho i aa graata.

«Ja, naa faar du helse døm alle heme da. Je har full inga nø’, kann du segja, min je tenkjer saa paa døm heme like vel, og her lyt je full bi all mi tid, kann je tru. Heme vil døm full itte tru du har tala ved meg; men du skær faa med deg ‘ne luva som je hadde paa da je vart borte. Da trur døm deg nok. Ja naa faar du staa paa deg bra da.»

Sidan høyrde dei alder noko meir fraa henne, korleis ho so hadde det daa, kroken.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *