Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Paa Storesund i Skaare

Paa Storesund i Skaare bodde ein gong eit par husmanns-folk som var namngjetne baade vidt og breidt. Mannen heitte Ingebrigt og kona Signy. Det var helst kona som var kjend vidt og breidt fyr kunsten til aa signa eller putra. Dei bruka henne til dokter baade aat folk og fe, og det som ikkje Signy kunde finna raad fyr, det stod ikkje til aa berga. Naar nokon kom til henne og vilde faa raad fyr eitkvart, bruka ho helst tri steinar som ho vermde i elden og sidan sleppte i kaldt vatn. Av den sjoingi som det daa vart, kunde ho høyra kva raad ho skulde bruka. Lækjeraaderne var helst kristen-jord (fraa ein kyrkjegard) og vindaugs-bly og kristne-vatn. Tidt laut dei taka krøter attlenges gjenom kyrkjedøri, so dei kunde verta fridde fyr trollskapen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.