Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Paa Voraaneset

Paa Voraaneset (i Skyld) er ein gard som heiter aukland. Der budde det i gamle dagar ein mann som var plaaga av huldrer tidt og traadt. Der kunde dei rett som det var koma fram eller vera til meins paa ei eller onnor vis.

Ein jolaftan stod mannen og hogde ved. Daa kunde han paa ingen maate faa vedskia til aa liggja der som han hadde lagt ho. Det var huldrerne som tok ho, og rett som det var gav dei seg til aa seltra veden ned-etter bakkarne. 3-4 mann fekk tidsnog naar dei skulde pila han upp att.

Seint um jolaftans-kvelden tok mannen tvo mann med seg og gjekk til huldreberget og sagde huldrerne ut; dei skulde flytja derifraa so snart jolehelgi var yver. Eg veit ikkje visst kor det gjekk med dette; men dei laut visst flytja; i minsto er det lang tid no sidan folk saag noko til huldrerne paa Aukland.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.