Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

 

Pål og Pålsdansen

I Røros og bygdene rundt ikring i fjella er det ein gammal og sers populær dans som blir kalla Påls. Musikken er ein serskild rytme og dansen er ein turdans. I dag er det ikkje så mange som kan alle turane og alle variasjonane.

Det er også mange meiningar om kvar denne dansen stammar ifrå. Bestefar hørte fortald om Pålsdansen da han var på Røros i 1870 – 1880-åra. Ei gammal kone sa at det var ein villmann i Femundmarka som var opphavsmannen til dansen. Ho visste ikkje anna om karen enn at han kalla seg Pål.

Han tralla og sång slåttane og svinga seg i dansen så jentene var heilt nåmne og viljelause i armane hans.

Teikning av Anders Krigsvoll

Pål var kjent over alle fjell og det vart sagt at han kneggja og lo og song borte i liene da han kom til sætergrendene om laurdagskveldane. Det var som ein fyrig hingst kom setjande.

Han var ein tru gjest på sætrene til ålbyggene, selbyggene og Tydalingene.

Og han dansa til songen sin så det ljoma. Mang ein spelemann lydde til slåttane når han tralla og det vart felemusikk av det. Slik vart Rørospålsen til.

Men med han Pål hadde det seg slik: Han levde som frikar og villmann, dansa og kosa seg med dei jenter han ville. Og med dei var det slik at dei var både redde og glade når dei hørte trallinga og hujinga oppe i liene.

Det var leitt med han at det hadde så lett for å bli ”Småpål” etter han der han fòr.

Stordansar og Lausunggjerar, vart det sagt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *