Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

PÅL SPRINGAR

Pål springar i Eiken var lei med kona si. Dette visste folk om, og ein kveld medan Pål var inne i eldhuset åleine, kleiv ein kar opp på taket og fira seg ned i pipa for å skrema han. Det kvakk i Pål med same, så han tok til å beda høgt; men då foten var nedanfor randstokken, tok han til å gala og sprang til fjøset. Der lova han kona pent at han aldri skulle vera stygg meir. Men seinare tala han om at skulle ein skrema vondemannen, laut ein gala.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *