Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Påsittaren

Ein fiskar som hadde fast slep med ei skøyte, blei kalt «påsittar». Det
var helst juksakallar som var påsittarar. Skikken med påsittar kom i
bruk i Svendsgrunn-tida og var også vanleg både i Finnmarka og på
Lofoten. Fiskaren kjende seg tryggare på havet og kunne ta større
sjanser når han fekk «sitte på» med ei skøyte. Påsittaren deltok ikkje
i lagsutgiftene, men måtte vere med i arbeidet ombord f. eks. med
ankring og seilas. Han følgde med frå vær til vær og kunne også få bu
ombord, dersom det var plass. Påsittaren betalte noen fiskar for retten
til å henge på.

Ein erfaren påsittar som var velkjent på fiskefeltet, kunne vere til
stor nytte som kjentmann for framande eller urøynde folk.   

(R. Gundersen)

I de tilfeller at det ikke er noen
stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene
som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *