Av Olav Rosendal
Kilde:
Namdal Historielag (link til hjemmeside)
Årbok for Namdalen
1961
Skriftstyrar: P.Jæger-Leirvik

”Pe Larså-skrønå”

I førre hundreåret (1800-tallet) kom det eit ektepar fra Gausdal og busette seg på Hålonda. Mannen heitte Pe Larså og kjerringa heitte Randi. Pe hadde ein uvanleg livleg fantasi, og han fortalde dei mest utrulege og fantastisk historier. Ja, skrønene hans var av ekte Munkhausen-klasse.

Det har sidan vore vanleg, at når nokon fortalde ei historie, som kåg utanfor grensa av det sannsynlege, så vart det kalla ei ”Pe Larså-skrøn”. Med dette stempel var karakteristikken gjeve.

Her ei av skrønene hans:

Da han ramla på ski

Pe hadde vore i Harran på arbeid, og gjekk på ski til Hålonda. I eine Brembu-bakken var han så uheldig at han datt, og rente på rauva heilt nedpå flata. Storbila, som hadde fare ut or sekken, kom susande etter og sneidde eine kinnet hans Pe. Han hadde aldri vore så fint barbert som han vart den gongen, let han.  

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *