"Av Olav Rosendal
Kilde:
Namdal Historielag (link til hjemmeside)
Årbok for Namdalen
1961
Skriftstyrar: P.Jæger-Leirvik

"Pe Larså-skrønå"

I førre hundreåret (1800-tallet) kom det eit ektepar fra Gausdal og busette seg på Hålonda. Mannen heitte Pe Larså og kjerringa heitte Randi. Pe hadde ein uvanleg livleg fantasi, og han fortalde dei mest utrulege og fantastisk historier. Ja, skrønene hans var av ekte Munkhausen-klasse.

Det har sidan vore vanleg, at når nokon fortalde ei historie, som kåg utanfor grensa av det sannsynlege, så vart det kalla ei ”Pe Larså-skrøn”. Med dette stempel var karakteristikken gjeve.

Her ei av skrønene hans:

”Flytur med ender”

Han Pe var i Skarlandsvatnet og fiska. Så kom det sju ender symjande. Pe visste ikkje ordet av før den eine anda tok angelen og svelgde, men skeit’n ut igjen straks etter. Så kom dei andre endene i tur og orden og gjorde det same, så til slutt hadde Pe alle sju endene på taumen. Dermed flaug endene opp av vatnet, og Pe, som heldt i stonga, vart med oppi lufta. Det såg no litt nifst ut for’n Pe, men ved hjelp av frakkspjølla greidde han å styre heile greia beint på murpipa hennar Randi

–    ”Gla var je, men mest hu Randi, over at flygeturen gjekk så bra”, slutta Pe historia.
 
 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *