Av Olav Rosendal
Kilde:
Namdal Historielag (link tl hjemmeside)
Årbok for Namdalen
1961
Skriftstyrar: P.Jæger-Leirvik

”Pe Larså-skrønå”

I førre hundreåret (1800-tallet) kom det eit ektepar fra Gausdal og busette seg på Hålonda. Mannen heitte Pe Larså og kjerringa heitte Randi. Pe hadde ein uvanleg livleg fantasi, og han fortalde dei mest utrulege og fantastisk historier. Ja, skrønene hans var av ekte Munkhausen-klasse.

Det har sidan vore vanleg, at når nokon fortalde ei historie, som kåg utanfor grensa av det sannsynlege, så vart det kalla ei ”Pe Larså-skrøn”. Med dette stempel var karakteristikken gjeve.

Her ei av skrønene hans:

På hjerpejakt

Ein gong fekk han høyre slik rar sus i lufta. Så kom det som ei mørk sky for sola og det vart nesten mørkt. Da han såg opp, fekk han sjå, at det var heilt svart med hjerpe oppi lufta over han. Han hadde børsa for handa, og sende iveg ei haggelladning. Og da kom det dau hjerpe så tett som eit kraftig haglskur dettande nedpå jorda. Kor mange tynnsekker han stappa fulle med hjerpe, det hadde han ikkje tal på.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *