Av Olav Rosendal
Kilde:
Namdal Historielag (link til hjemmeside)
Årbok for Namdalen
1961
Skriftstyrar: P.Jæger-Leirvik

”Pe Larså-skrønå”

I førre hundreåret (1800-tallet) kom det eit ektepar fra Gausdal og busette seg på Hålonda. Mannen heitte Pe Larså og kjerringa heitte Randi. Pe hadde ein uvanleg livleg fantasi, og han fortalde dei mest utrulege og fantastisk historier. Ja, skrønene hans var av ekte Munkhausen-klasse.

Det har sidan vore vanleg, at når nokon fortalde ei historie, som kåg utanfor grensa av det sannsynlege, så vart det kalla ei ”Pe Larså-skrøn”. Med dette stempel var karakteristikken gjeve.

Her ei av skrønene hans:

På rypejakt

Ein gong han Pe var på rypejakt, fekk han sjå ein rypskokk som sat i halvsirkel bortpå ein fjellknaus. For å få fleire ryper i skottet, bøygde han børsepipa, så ho og var ein halvsirkel, og så skaut han. – Resultat: Alle ryper låg daue på fjellknausen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *