Av Olav Rosendal
Kilde:
Namdal Historielag (link til hjemmeside)
Årbok for Namdalen
1961
Skriftstyrar: P.Jæger-Leirvik

"Pe Larså-skrønå"

I førre hundreåret (1800-tallet) kom det eit ektepar fra Gausdal og busette seg på Hålonda. Mannen heitte Pe Larså og kjerringa heitte Randi. Pe hadde ein uvanleg livleg fantasi, og han fortalde dei mest utrulege og fantastisk historier. Ja, skrønene hans var av ekte Munkhausen-klasse.

Det har sidan vore vanleg, at når nokon fortalde ei historie, som kåg utanfor grensa av det sannsynlege, så vart det kalla ei ”Pe Larså-skrøn”. Med dette stempel var karakteristikken gjeve.

Her ei av skrønene hans:

”Revejakt med pilbørse”

Ein gong hadde han Pe laga seg eit orrbyst (pilbørse). Så gjekk han i skogen for å prøve nybørsa. Da fekk han sjå ein rev, spente bogen og skaut. Pilen gjekk først gjennom revrompa, og så inn i ein granlegg. Der stod reven spikra til granleggen og kom verken att eller fram. Da tok Pe tollekniven og skar eit kors i nasen på reven, som så ranga seg ut av skinnet og sprang til skogs. Året etter fekk Pe sjå att reven. Han hadde da ”lønnast godt”, men heilt fullherd var han ikkje.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *