Av Olav Rosendal
Kilde:
Namdal Historielag (link til hjemmesider)
Årbok for Namdalen
1961
Skriftstyrar: P.Jæger-Leirvik

”Pe Larså-skrønå”

I førre hundreåret (1800-tallet) kom det eit ektepar fra Gausdal og busette seg på Hålonda. Mannen heitte Pe Larså og kjerringa heitte Randi. Pe hadde ein uvanleg livleg fantasi, og han fortalde dei mest utrulege og fantastisk historier. Ja, skrønene hans var av ekte Munkhausen-klasse.

Det har sidan vore vanleg, at når nokon fortalde ei historie, som kåg utanfor grensa av det sannsynlege, så vart det kalla ei ”Pe Larså-skrøn”. Med dette stempel var karakteristikken gjeve.

Her ei av skrønene hans:

”Vedkjøring”

Han Pe heldt på og drog heim ved. Så sette det inn med eit ufyseleg snøver. Og føret var så tungt og trått, at han nesten ikkje skulle ha kome seg heim. Han peste og drog, sleit og masa, og vart heilt utkøyrd da han endeleg kom på skyttgården. – Men – kor var vedlasset? Jau, om lag 150 meter attanfor såg han det. Grunnen var, at tauget som han drog kjellken etter, hadde han spunne av blågeit-ragg, og med den store pårøyninga hadde det gjeve slik tøygd at det var akkurat så langt som avstanden mellom Pe og lasset. Han Pe knytte taumen i sagbukken og skjangla inn åt ho Randi. Morgonen etter stod lasset attmed sagbukken. Da hadde tauget krympa att, ig såleis drege lasset heilt fram.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *