Internt referansenummer:B-000021
Kilde:
ATTERLJOM
Folkeminne frå smådalane kring Lindesnes
Av: Tore Bergstøl
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 82
OSLO 1959
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se liste over forteljarar som har bidratt til boka Atterljom

Peder Clausson


Ein gong Peder Clausson var i eit verskap på Haga, hadde han kome i slagsmål med lensmannen, Tore Haga, og då hadde presten brukt kniv. Men han måtte bøta for det slagsmålet.

Peder Clausson hadde fire døtra. Ei blei gift på Vettesdal i Spangereid og ei på Lone og ei på Stiland i Sør-Audnedal og ei i Sogndal.

Dotter til ho som blei gift på Stiland, blei gift med Vrål i Herdalen i Lyngdal. Ho hadde ei dotter som blei gift til Rom.

Ho hadde ei dotter att som blei gift med Vilhelm Henrikson Oftebro, bestefar til forteljaren, Gabriel Oftebro.

Prekestolen til Peder Clausson skal stå hos Gabriel Pederson på Skofteland. Den blir brukt til skåp.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *