For bilder fra Overhalla, gå inn på Overhalla
historielag’s fotoarkiv.


Av Ronald Inndal

Hentet fra Årbok for 1991
Nord-Trøndelag Historielag
Redaksjonsnemnd: Aa. Bjørgum Øwre, Eldrid Moen, Olav Skevik
Steinkjer Trykkeri A.S 1991


Peder Danielsen Klykken


 – skreddaren som vart sorenskrivar


Fleirtalet av embetsmennene i Norge kom frå mektige slekter, der ofte faren og var embetsmann. Ein av dei som greidde å koma seg opp frå folkedjupet, fødd av vanlege landsens folk, var Peder Danielsen Klykken. Han vart fødd den 19. november 1722 i Overhalla. Han var son av klokkar Daniel Klykken og Karen Føynum. Den tida var det ingen sjølvsagt ting at unge med gode givnader skulle få utdanning. I beste fall kunne dei bli ”brevsynte”, slik at dei kunne hjelpe ulærde med nødvendig skriving og lesing.

Peder Klykken gikk ikke rake vegen til toppen. I boka ”Våre sorenskrivere” av Arnet Alafsen, går det fram at unge Peder først var plassert i skreddarlære, men skaffa seg undervegs så mykje kunnskap at hen i 1793 vart sorenskrivarkontorist. Dette arbeidet hadde han fram til 1801, og frå 1795 til 1797 var han og lensmann i Overhalla.

I den tida ville unge menn frå allmuen nøgd seg med å nå så langt. Men unge Klykken ville vidare. Han kom seg til København, og der deltok han mellom anna som soldat i forsvaret av byen i 1801 og 1807.

Etter studietida var han innom fleire offentlege embetsstillingar, og arbeidde som kopist og som konstituert embetsmann til han den 2. mai 1809 vart sorenskrivar i Lofoten og Vesteraalen. Der var han til den 10.oktober 1818, da han vart overflytta til Inderøen, går det fram av boka. Sorenskrivar i Stjør- og Verdal vart han den 29. september 1829, og dette embetet hadde han til han vart pensjonist. Den tida var det berre folk på toppen av samfunnet som hadde slike goder frå Staten. Og pensjonen han hadde var så stor at alle menneska på garden hans, Zink-Rennan i Skogn, måtte legge om livsstilen frå den dagen han døydde.

På sorenskrivargarden var det i alle år eit gjestfritt hus. Om livet der fortel Albert Kjørboe Trapness i boka ”Paa Brænne”. Han voks opp på denne garden, som ein av dei mange etterkommarane etter Peder Klykken og Maren Marie Hegge. Ho var dotter av foged Jens Severin Bærøe og Ovidia Karlsen. På Rennan heldt sorenskrivarparet mange store selskap for overklassane i distriktet, og i boka skildrar Albert Kjørboe Trapness livet til bondestanden, husmennene, handverkarane, fattiglemmene, tenestefolka og det han kallar ”De store” eller ”De conditionerede”.

Rennan var en gammal embetsmannsgard, og Klykken kjøpte den av Eidsvoldsmannen oberst Heidmann. Den nye sorenskrivaren er i boka skildra som ein bakgrunnsfigur. Han vart omtala som ”Den store sorenskriver”, og er ikkje nemd med namn i heile boka. Som ein konge står han fram i boka, som skildrar daglegliv og fest gjennom meir enn femti år. Spesielt er festane på garden godt teikna. Hovedfesten var den 19. november, på fødselsdagen til den eidsvorne skrivaren. Da kom det kvart år fine hesteskyssar langvegs frå, med både unge og gamle ”conditionerede”. Men arbeidsfolka som måtte slakte, brygge og bake til alle festane gledde seg og til alle høgtidene. Da var det og god mat og dans i borgstua på garden. Her spela ein bygdespelemann fele, mens dei krinolinekledde i dei store salane dansa vals og polsk dans etter pianomusikk. Oppsiktsvekkande er det å lesa om at brennevinet flaut så rikele, og her var det tydeleg ikkje dei vadmålskledde om var verst. Men Borgstu-fylla førte til slagsmål og bråk på anna vis. Og utanfor vindaugane var det fullt av folk frå bygda som kom for å sjå på festen. Alt foregikk i rom som var maksimalt opplyst etter langvarig lysestøyping. All talglysstøypinga for heile året skulle vera ferdig til den e19. november, som var ein merkedag for alle i distriktet. Dersom den 20. var ein vanleg kvardag, var det gyldig fråversgrunn at ein hadde vori på Rennan dagen før for alle skrivarar, kontoristar, prestar, lensmenn og offiserar.

Fru Maren døydde i 1849, 63 og trekvart år gammel, går det fram av boka om dei gamle sorenskrivarane. I Kjørboe Trapness si bok fortel han at festane på Rennan heldt fram så lenge ”Den store” levde, og at han levde til han vart ein gammal mann. Han døydde den 22. januar 1861, og frå den dagen gikk det meste i oppløysing på den store garden. Sonen var utdanna som jurist, var meir interessert i lov og rett enn i gardsdrift. På Rennen vart det meste av tenarskapet sagt opp, det meste av buskapen seld. Berre fire kyr til dagleg behov av mjølk og kjøtt vart igjen, og etter kvart vart det til at alle som hadde levd godt på den gamle sorenskrivar og pensjonen hans, flytta ut. Det var nye tider for alle i bygda, skriv Kjørboe Trapness.

For bilder fra Overhalla, gå inn på Overhalla
historielag’s fotoarkiv.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *