Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Peder Eriksen


Han Peder var fødd på Stykkjye' i Fåvang i eit tå 1820- årom. Far hans var frå Tolga i Østerdala, og mor hans var frå Nistun Li'n i Fåvang.

Peder var fødd krøpling, fingra hans var ihopkrøkte, så han sto ibeit for å gripe med dei, og var hjelpeslaus i vanleg arbeid. Foreldra hans såg at han vart ikkje istand til å fø seg med vanleg gardsarbeid, og dei hadde stor hugsott for korleis det vilde gå med 'om fram gjennom tia. Sjølve hadde dei litor rå', så dei hadde nok med å greie seg sjølve. Men da han voks til, synte det seg at han hadde overlag store åndsevno. Da han kom på skulen, såg dei fort at han lærde snøggar enn dei andre borna, serleg var han ein mester i rekning, og han greidde opp med talom slik at dei andre vart sitjande berre og glåme. Og lite um senn lærde han seg til å bruke dessa fingerkrokan sine med slik handtame at han til slut ikkje sto ibeit for å gjera kva det skulde vera. Han var så huga au, til å sitja og spikke, og det var utruleg kva han fekk til med kniva. Da han var 13 år, laga han til ei klukke tå tre, og ho gjekk stø' og rett som ei annor klukke i mange år. Og detta arbeidet var han einsleg um, han hadde ikkje nokon til å rettleie seg eller hjelpe seg, han berre såg på ei gomol klukke dei hadde der, korleis uroa (pendel'n) og hjula greip inni kvarandre. Sjøl rekna han ut kor mange taggar kvart hjul skulde ha. Um det var berre ein visar på klukkun (timevisar) så var det likevel så godt gjort at folk måtte skjøna kva evno som låg i guta.

Da han vart vaksen, gjekk han i skulmesterlære. Men han fekk ikkje smak på det yrke. Det var noko anna som sto meir i hugu hans. Han kjøte Larsstugua i Fåvang og tok til der med klukkmakerarbeid. Og i det var han fullgod som nokon. Svært mange klukko gjorde han fel ikkje, da det lei på, vart han meir huga til å gjera husorgel. Men ein veit at vissa ei klukke gjorde han seg mykje for med. Ho var utstyrt med tu geitbukke som stangast så det skrall, når klukka skulde slå. Denne klukka hadde han sjøl så lenge han livde. Men da han døydde, tok son hans, som vart klukkmaker i Kjøpenhamn, klukka med seg.

Han hadde eit godt og overlag gløgt øra for musikk, og det var sakte det som gjorde at han tok til å gjera husorgel. Han filte til stemmo tå masing, og han laut vera så nøye på filingen for det var med det han fekk til rette tonen. Han gav seg alder for han var viss på at tonen var rein. Dessa orgla vart mykje etterspurt fordi dei let så pent, og han kunde nok fått selt mange tå orglom, berre han kunde vore go'for å gjort dei fortare. Men han hadde da tent så pass med dessa arbeide at han var å rekne for ein velstandsmann da han vart for gamal til å drive med slikt arbeid.

Han var gift og fekk tu søner. Den eine hadde krokete finger og var slik som faren, men han døydde ung. Den andre vanta det ikkje noko såleis og han hadde fått same evnon som faren, og same hugen til handverket. Han vart klukkmaker i Kjøpenhamn.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *