Internt referansenummer: 15.03.16 – Bok
Kilde:
Eventyr og Segner
Barnerim, ordtak og gåter
Folkeminne frå Salten II
Av: Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 54
OSLO 1944

Peik

(Saltdal)

Det var ein gong ein konge som ville ha bygd eit skip som kunne gå like godt på landjorda som på havet. Kongen lova ut dotter si, Rosinia heitte ho, og halve kongeriket til den som kunne byggja eit slikt skip.

Dette ryktast òg til ein husmannsplass der det budde ein glunt som heitte Peik. Glunten fekk mot å prøva seg med dette skipet, og så ein dag tok han øksa og gav seg i skogen og ville sjå seg om etter emningsved. Fyrst ville han leita eit høveleg tre til kjølstokk. Og då han hadde gjort ein runding innetter skogen, kom han åt ei fure han syntest om. Han felte den. Men alt med han stod og skapte på stokken, kom det ein gammal gubbe gangande. Denne gav seg no i tal med Peik, og spurde kva han emna på. «Jau,» sa Peik, «det er meint til kjøl under eit skip som skal ganga like godt på landjorda  som på havet.» Og så fortalde han om lovnaden til kongen. Då vart gubben så mota på å gje seg i lag på byggjinga. Det skulle han få, sa Peik; han var gjerne ikkje så viss om han kom vel frå arbeidet åleine, måvita.

«Det er no rettast vi arbeider kvar si økt,» sa gubben; «eg kan ta fyrste tørningen. Gang no du berre og kvil deg urlite; så skal eg vekk’ åt deg om eg skulle treng’ om ei handshjelp,» sa han.

Dette var Peik viljug til; han gjekk av sides og la seg på ei tuve, og det stod ikkje lenge av innan han sov.

Langt utpå dagen vakna han att. Det fyrste som rann han i tanken var skipet og den gamle gubben. Men då han skulle til sjå, stod skipet ferdig, det, med segl og rigg og alt som skal vera. Og i tveitdungen attmed gjekk gubben og tok rett på eit og anna, slikt han hadde liggjande utover. Det vistest ut som han just var ferdig med arbeidet. Glunten ditett.

«Ja, her har du skipet,» sa gubben. «Reis no med det til kongsgarden. Men no må du minnest å få med til mannskap alle du møter på vegen.

Det lova Peik. Han kom seg ombord, og fyrst han hadde sett seg med roret, tok skipet til å skri framover. Så segla Peik eit stykke veg.

Den fyrste han møtte, kom gangande mot han på ein fot. «Nei, men kor er det med deg, du brukar då berre ein fot?» «Eg er så snop på føtene, skal eg seia deg, om eg brukar
båe på ei tid, kan eg renna til verdens ende.»

«Vil du vera med meg på skipet?» spurde Peik. Ja, mannen kom med, og så segla dei.

Ei tid deretter kom dei åt ein mann som låg langstrakt etter marka.. Han heldt fingeren i, eine øyra; det andre låg han med mot jorda.

«Kor er det du ligg?» spurde Peik.

«Når eg tek fingeren or og lyer med båe øyro, kan eg høyra kor graset gror,» sa mannen.    

«Kan eg få deg med på skipet?» spurde Peik. Ja, han vart med denne og. Så bar det i seglinga att.

No kom dei åt ein som var standande med ein peikefinger for eine auga.

«Kvifor står du på dette viset?» spurde’ Peik.

«Om eg ser med båe augo på ei tid, kan eg sjå til verdens ende,» sa han. Men han hadde ein boge hangande over herda, denne karen; og bogen var slik laga, han kunne skyta med han så langt han ville, og aldri gjekk det feil, det han heldt på, råka han.

«Får eg deg med på skipet?» spurde Peik. Han vart med dei, og dermed heldt dei ferda fram.

Dei reiste no ei lang økt. Så sette dei frami ein kar som stod med peikefingeren i eine naseholet.

«Nei; men kor er det du står?» undrast Peik.

«Eg har vintere’n i nasen,» svara mannen; «fyrst eg slepper med fingeren, koppelfrys alt kringom meg.»

«Vil du vera med meg på skipet?» spurde Peik. Ja, han vart med han òg.

No var dei fem saman på skipet, og Peik syntest dei tok til å bli bra manna. Dei råka no ikkje frami fleire heller, før dei var til kongsgarden komne. Kongen såg over skipet og prøvde det, det var som det skulle vera på alle vis, sa han. Og no vart dei vel fagna, både Peik og dei han hadde med seg.

Men dentid kongen tedde Peik fram for prinsessa, sa ho tvert nei til å gifta seg med han. Dei måtte ikkje tru at ho ville ha ein rakkars glunt til mann, sa ho; det fekk då vera eit måt med alt. Kongen sette ikkje hardt mot. Men han fekk maka det slik til: Peik og Rosina skulle kapprenna bortover kongsjordet. På det viset fekk dei avgjera kor det skulle bli med giftinga. Om prinsessa var snopast å springa, skulle ho sleppa å ta Peik til mann; men gjekk ho åt, vart ho nøydd å gifta seg med han, sa kongen. Dette gjekk prinsessa med på.

«Kan eg få set’ mann for meg?» spurde Peik.

«Ja, det kan du alltid få,» sa prinsessa. «Men eg vil ha dette kapprennet unna snart; og orkast ikkje stand her alt med du renner kringom etter ein i din stad.»
Då vinka Peik åt seg den karen som var standande på ein fot. Han sa seg viljug til å kapprenna med prinsessa, og i veg bar det. Dei var ikkje komne langt før alle kunne sjå kor dette kom til å fyk’ av. Før prinsessa var på halvvegen, var den andre komen til målet.

Men no gjekk prinsessa tilbake på orda sine. Ho ville ikkje vita av Peik minder han fór til verdens ende, til ei kjelde der, og henta vatn åt henne.

«Får eg set mann for meg no?» spurde Peik.

«Ja, det kan du herre gjera,» sa prinsessa. No kjende ho seg heilt trygg.

Jaha, Peik vinka no åt seg att denne karen som hadde kapp¬rent med prinsessa, og spurde om han ville gjera turen til verdens ende. Det var ja med eitt. Denne gongen sette han båe føtene til; men då fór han kvesande etter marka som ein gann¬bør. Han rende i eining til han var i verdens ende; han fann kjelda og fekk vatn, og var meint å leggja i veg åt kongs¬garden i same farten. Men no kjende han seg noko silten; fann så på han ville halla seg attpå som snarast. Og der sovna han av.

Peik og mannskapet hans stod samla utkring kongsgarden. Dei venta så smått han, som borte var. For det var sett ei viss tid til då han skulle vera tilbake med vatnet, ser du. Men det drog ut. Så dette tok til å sjå buntåt ut for Peik.

«Nei, dette kan ikkje hanga rett ihopen,» sa han som hadde fingeren i øyra.

Så la han seg på marka og lydde. Han kunne no høyra at det snorka framme med kjelda, sa han. Dei tok til å rådleggja om korleis de, skulle få vekk’ åt han som hadde sovna.

No var det eit troll som hadde lægeret sitt attmed kjelda i verdens ende. Dette visste ikkje karane om, ser du. Men alt med dei stod der og rådslo, fekk han som var så langsynt auge på trollet. Det hadde stemning på kjelda. Men då reiv han bogen av aksla og skaut ei pil i trollet. Det sette i eit illskrik, så mannen vakna og la på tan mot kongsgarden. Og no nådde han fram just til tid.

Men prinsessa var like forhærd. Peik ville ho ikkje vita av, endå han hadde vunne vågemålet andre gongen. Og no hadde ho overtalt kongen til å ta av dage både Peik og mannskapet hans. Dei skulle brennast inne, og kongen fekk juksa dei inni eit hus og bolta att døra. Så sette han tenarane sine til å driva fram 500 famner ved. Dette flia dei kring, huset og gjorde opp, varme.

No kom han med i laget han som hadde vinteren i nasen, veit du. Og dentid dei tok til å få det i heitaste passen inne i huset, opna han for naseholet, så høveleg kvart etter. Slik heldt han det gangande til veden var oppbrunnen, alle dei 500 famnene.

Kongen og dei han hadde havt til å hjelpa seg med dette skarvestykket, vart bra oppi undring dentid veden var all og dei såg huset stod der ureppa. Men dei trøysta seg med at det spann ikkje liv i dei som var inne. Så var dei og braut opp døra. Kongen var fyrst om å glytta inn. Men då var han snar om å søk’ åt han med vinteren i nasen; han sette kaldgufsen rett i ausyna på kongen så han rimslo i både hår og skjegg. Kongen vart så ille stedd, han kom seg ikkje av tverr¬staden. Sluttpå stod han der med kleda ballrunde av is. No skyna han kva ende dette ville ta, og tok til å be for seg. Peik skulle få prinsessa og halve riket, det skulle han vera mann for, sa han. Ja, då han med vinteren i nasen fekk høyra det, let han kongen vera.
Så bar det til kongsgarden med alle karane, og der fekk dei det travelt med å styra i stand til bryllaupet.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *