Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Pengane kom fram att

Det var i 1880-åra. Mykje folk var samla på Røros for det var stor martna. Handelen hadde gått livleg og både kjøpar og seljar var vel nøgd med omsetnaden. Alle losji var fulle av martnasfolk.

Så var det ein av siste martnasdagane. Meste handelen var unnagjort. Det var dansa påls i Songarlokalet etter gammal skikk, og mang ein god dram var runne ned.

I eit losji var det folksamt. Det var sers livleg, og ut på kvelden vart ein av karane merksam på at pengane hans var borte. Han hadde dei i boka under puta i senga — og så var alt borte da han kjende etter.

Han hadde hatt same losjiet i ein mansalder og kjende gammalkona i huset sers godt. Ho kunne meir enn andre denne kona og han fortalde henne kva han hadde oppdaga.

–    ”Berre vent,” sa ho. ”Det her skal nok laga seg.”

Ho var ute i gangen bak kjøkkenet ein sving og kom inn i stova der karane sat.

–    ”Det har henda noko her i kveld. Han Jo har misst penning. Slikt har aldri henda før her i huset, og no skal det bli sett stoppar for slikt farkeskap. Ingen kjem ut herifrå.”

Ho var ute i kjøkkenet att og kom inn med ei stor rydnings-bile utan skaft. I skaftholet batt ho eit taug og hengde bila over døra til stova.

–    ”Jaha, no kan karan berre gå ut. Den som er fri har inte noe å vera redd, men han som har penningan vil få bila i huggu. Tvi, svi,” sa ho og sette seg ute i kjøkkenet.

Teikna av Anders Krigsvoll

Det vart stillt i laget og ein etter ein av dei framande karane smaug seg ut.

Til slutt sat det att berre ein som ikkje hørte til i losjiet, og han fekk ikkje augo frå den store bila med den kvasse egga.

–    ”Det æ inte bra å vera langfingra, itt,” sa kona for seg sjøl.

Karen som det var stole ifrå kom ut i kjøkkenet, og berre framandkaren sat pal inne.

–    ”Berre legge penningan på bordet. Når det er gjort går du trygt under egga. Der ja, no ska inte bila gjera non skade. God natt med deg.”

Karen luska ut, pengane låg på bordet og bila rugga smått att og fram i snora.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *