Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Per Bjønarson Holåk


Det var visitas på Lesja, og presten Bergquist hadde bede inn skuledirektøren, Holch, bispen Kristen Brun, prosten P. A. Mortensen og distriktlækjar Guldberg til middag på Holåk, som var skjusstasjon den gongen. Og når dei var komne saman der, var det greit at gamle Per Holåk laut vera med ved bordet. Nå var det slik med Holåken at han var uvøren med kva han sa, og stundom kunde han gjeva frå seg leie finter, som ikkje var go'e å ta i mot for den det gjekk utover. Han var ikkje fri for å banne ved bordet hell.

Den gongen var det tri prestar som hadde forset seg på ei eller onnor vis, og dei laut inn til Jakob Sverdrup, som var kyrkjeminister den gongen, og be om nåde. Prost Mortensen frå Lom var ein av dei. Han hadde måtta lova Sverdrup at han skulde slutte som prest, dersom han fekk sitja ennå i tri år. I millomti'n var det kome ny kyrkjestatsråd, og Mortensen sat framleis i embetet. Sakje var truleg burtgløymd. Men dette hadde Holåken greie på, og ved middagsbordet snudde han seg til Mortensen og sa:

– Skal du snart slutte, du da?

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *