Internt referansenummer: 16.06.09 – A
Kilde:
GARD OG GREND
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN I
NORSK FOLKEMINNELAG III
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG 1921)
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Per Braataan var ein god skyttar…

Han budde i Imsroa ved Stai. Det var ein god skyttar, han Per, og so var han so styggeleg hard til aa renna paa ski. Ein julkveld skulde han aat kjærasten sin, og ho var paa Tryli, ein 4-5 mil undan. Klokka to spende han paa seg sida. «Naa ska je snart vara paa Tryli,» sa han. Daa rende han so hardt, han aat kveldvorden paa Atnosen, og var paa Tryli fyre dei la seg um kvelden.

Ein vinter skaut han tri elgar i ulovleg tid uppi Rognvorda. Daa han hadde skote siste elgen og heldt paa og snudde, fekk han sjaa Mykkelby-mennene kom uppover. Dei hadde høyrt smellane og trudde det var han, so skulde dei no sjaa aa faa reine vitne paa han. No stod han uppe paa ein bratt hamar som stakk fram, so dei kunde ikkje koma beint fram, men laut gjera ein umveg. Imedan snudde han elgen ferdug og balt huda paa bakmeisen. Fraa hamaren der han stod hadde ei diger furu falle utover med toppen fyre og naadde so vidt ned paa berget ned under. Han Per sette daa langskiet sitt paa furuleggen og stod paa eit ski utover til han naadde fast grunn, daa brukte han baae skia. Daa Mykkelbymennene kom upp paa hamaren, saag dei berre skirenna, og han Per var burte. No vaagde dei seg ikkje etter, men laut ta ein umveg nedatt. Drog so burtum lensmannen og fekk med seg aat ‘n Per, for huda hadde han teke med seg, og fann dei den, so var det godt nok det. Men daa dei kom der, hadde han stukke elgehuda inn i hundhuset, og sjølv laag han og sov. So laut dei gaa att med det som var. Vel dei so hadde gaatt, drog han uppi att og fekk kjøtet til sides. Um kvelden fekk han med seg hest og kar til aa henta kjøtet, og sjølv drog han fyre paa ski.

No hadde Mykkelbymennene tenkt seg han skulde koma med kjøtet um natta, og sette eit par karar paa post ved Knuts, for der laut han framum. Men natta var kald, og i Knutsfjøset laag gjentone, og so stakk dei seg inn. og skulde nok høyra naar han Per kom. Men der sovna dei, og han Per kom heim med kjøtet han.

Sidan var han paa ei moro, der Mykkelbymennene var. Det var nokre andre med og, deriblandt desse karane som hadde teke post ved Knutsfjøset. No tenkte dei, dei skulde fylla upp Per, so han skulde fortala seg. Men han forstod kva dei vilde, og agta seg. Dei sette paa hardt, og vilde slaa i han brennvin, og so vart han kjed taa deim, og la deim i ei dunge paa golvet:

«Han Per Gynt skøt tri fjell-lo med lange graa haar ‘pi Rognset-klettøm, og slik laag døm i dynge døm eu. Da hadde Mykkelbykara’ vondt da; men Akselstu-guta’ og Søstumo-Knuta’ døm søv mar pargasen reste forbi», sa han. Det hadde vore to tenestgutar fraa Akselstu, og to som baae heitte Knut fraa Søstumo, som hadde vore paa post ved Knutsfjøset, ser du.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.