Internt referansenummer: 09.02.2013 – A
Kilde:
FRÅ GAMLE DAGAR
FOLKEMINNE FRÅ SIGDAL OG EGGEDAL
Andreas Mørch
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 27
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1932
Klikk her for å lese ”FØREORDET”

 

Per Grønvøll

Han Per Grønvøll var og slik ein sterk kar. Han hadde ikkje hest, og så dreiv han og drog alt han handla frå Branes og opp til Grønvøll på Grenskaugen. Det han hadde å selja, drog han nedover, slikt som skinn og smør. Han kom heimatt med mjøl og salt. Han hadde skimeikjelke å dra på. Han reiste frå Grønvøll om mårån og kom til Branes om kvelden. Det var ikkje andre enn han på heile Grenskaugen som gjorde den turen på dagen.

Men ein gong gikk det gæli for’n. Det var i Setersbergbakkane på Modum. Han hadde da et stort skinnlass på sledan. Så satt han sjøl oppå lasset og lat det stå til nedover bakkane. Men nedst i bakken skar kjelken ut, og han Per stupa på hugu mot ein stabbestein og slo laus heile hugufløtten etter hårgarden frampå panna.

Heile fløtten låg bretta bakover i nakken.

Han laut gå et stykkje før han kom til følk, men han drog sleden med sei. Han skremte mest livet av kjæringa der han kom inn. Han bad om å få noko rå tjiru. Denna smurte han i hugu på sei og bretta hugufløtten framover att og sette kring et tørklæ. Deretter drog han til byen med skinnlasset. Han kom heimatt med lass og.

Det ligg ein diger stein ved Grensplassen. Han er kalla Grønvøllstein. Det kjem tå at han Per velta den stein ein gong.

Det var med dom arbeidde på veigen til Grenskaugen. Grøn-vollingen var med på det. Da kom karane på ein diger stein døm måtte ha ‘tor veigen. Det dreiv på mange karar med steinen, men døm fekk ikkje fløtt’n. Da kom Grønvellingen bortåt. Han velta’n åleine.

Det var et ting på Skartum. Dit kom han Per, han skulde ha skjøte på garden sin. Men da han Per snakka med skrivaren om detta, så kunde han ikkje få nokon skjøte, for skrivaren hadde ikkje med sei slikt papir.

«Og uråd er det å få tak i det,» sa han, «for det er i Branes.»

«Å, da er det alltid ei råd med å få tak i det,» sa han Per.

Skrivaren spurte håss han vilde bera sei med det. Jau, han Per vilde gå. Men så skulde skrivaren reise dagen etter. Han Per trudde likevel han skulde greie det. Og så la han i veig.

Han kom til Branes og fekk tak i papira, og la så til på heimattveigen med det samma.

Da han kom et stykkje utom byen, nådde han att ein mann som gikk med ein fempottkagge med brennevin i nevan. Han hadde surra tommar kring kaggen og bar han slik. Han Per var til og ymta om at det vart følgje å få.

«Ja,» sa mannen, «men je går så fort.»

«Å, je skal vel prøve å helde følgje med, je au,» sa han Per. Så la dom til og gikk oppover.

Da dom var kommi et stykkje oppover, bar mannen sei ille for at tommane skar så i nevan.

«Je kan enda bera kaggen et stykkje,» sa han Per. Det gjorde han. Da døm skille veig, fekk han Per fire skilling for han hadde børi kaggen.

Han kom til Skartum utpå måråkanten. Da han trefte skrivaren uti tunet, sa skrivaren det:

«A, du kom til å gi over?»

«Å nei, je har da papira her,» sa han Per og tok dem fram tor vesten. Da hadde han bruka 18 timar på turen. Det er seks gamle mil frå Skartum til Branes.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *