Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Per Lid i Nedstrand

Han var harding, men budde paa Lid i Nedstrand. Han var fælt trolltruen, og gamle folk som hadde vore saman med han, visste mange ting aa fortelja etter honom.

Han hadde ein son som og heitte Per. Denne Litle-Per var lik far sin i det at han var trolltruen og fælt redd huldrerne. Ein gong hadde han vore av eit erend fyr far sin, og det vart kveld fyrr han kom heim att. Daa laut han ganga gjenom ein dal som heiter Bestefardalen, og der er det alltid utrutt, segjer folk. Daa han so naadde dalen, vart han ov-redd, kann du vita, og so lagde han til sprangs. Daa kann du tru det vart sjau. Han høyrde noko som kom etter og ropte:

«Tak han! Tak han!»

Per lagde i veg det fortaste han var god til; men dei som kom etter, sprang og fortare og ropte i eino:

«Tak han! Tak han! Tak han!»

Daa han naadde heim til gards, ropte han andsloppen gjenom glaset at no var dei lause i Bestefardalen. Gamle-Per hadde lagt seg paa sengi; men daa var han ikkje sein fyrr han kom upp. Han treiv ein stor tolekniv og gav seg til aa krossa i biten. Sidan gjekk han ut og skar krossar i traaskaali, og so sa han at var det nokon som aatte meir i Lid en han gjorde, so kunde dei berre koma. Brevi som han hadde paa garden, tok han og gjekk so ut i marki og las deim upp. Daa tottest han vera trygg.

Men det som Lille-Per hadde høyrt, var ikkje anna en det skramla i skinnbroki hans daa han sprang.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *