Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Per Perso var frami noko hulterskap utpå Arnøya

 

Han Per Perso var frami noko hulterskap utpå Arnøya (Gildeskål). Han var ein kveld gangande utetter til Kjørriosen. Skulde dit etter ei sildkipe. Ja, han fekk kipa på ryggen, og var åt og skulde snu innetter. So kom han til å. sjå over til andre sida av osen. Der vistes det som det sat ein mann på berget nedmed sjøen. Han Pe tenkte det var ein som hadde berga seg i land frå eit vrak. La so han kipa av seg og tok til å gang rundt osen. Men dentid han var rundtkomen, so var det ingen mann der. For då baker til nausta og tok kipa på seg att, men innan det bar i ganginga, kom han til å sjå seg attover ein gong til. Då vistes skapnaden der på berget att. Han Pe såg han so greidt mot dagen, han sat jussom bøygd framover. Då hemsa han Pe kipa av ryggen andre gongen og for vegen rundt osen. Men sameleis gjekk det, han fann ingen mann. Han la då på ein ei og for sin veg.

Då han var komen eit stykke uppum nausta, fekk han høyra det slafsa og trødde atti vegen. Det hadde regna på. I det same han Pe skulde snu seg og sjå, fekk han ein dask so han trilla over. Han vart no liggjande som i ein lummer ei bra økt, og då han kom seg på føt’n att, var det just so han var gangfør. Og han Pe vart liggjande til sengs i fleire vikor attpå denne skjærmeisingen.

Eit parti frå Voll hadde farty. Dei kom av tur, og kom siglande langs med heimlandet. Ved ein stein der dei kalla Vollgalten, fekk dei sjå ein underleg skapnad, som kasta seg i havet. Dei meinte det var ein utbor. Men det er no gjerne noko anna det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *