Internt referansenummer: 07.06.09 – A
Kilde:
UFREDSTIDER
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN II
NORSK FOLKEMINNELAG V
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1922
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

 

Per Sæmingsen og børsa sprang i fillor…

Per Sæmingsen, han som var teken til fange saman med ‘n Gunnar Fallsveen og ‘n Amund Braataan, heldt paa aa mista livet han, berre fordi ein offiser var so einvis. Han stod vakt utanfor ei kyrkje, og so kom det ein offiser, ser du, ja ein som gjekk og saag um vaktmennene daa, og spurde um han hadde børsa si ladd.

«Ja, den er ladd», sa ‘n Per.
«Faar jeg se!» sa offiseren.
«Je kann itte levere fraa meg børsa, ma je staar paa vakt,» sa ‘n Per, «men ladd er a.»

Daa trudde offiseren han ikkje torde te fram børsa fordi ho ikkje var ladd, ag so laut han leggja i ein ladning til. Men det heldt paa aa gaa reint gali det, ser du, for ei stund etter kom ein svenske ridande. Han Per skaut, og børsa sprang i fillor millom fingrane paa honom. Sjølv slapp han no bra fraa det ved eit reint under, og svensken og, for daa han saag det han Per var vaapnlaus, kom han ridande med sabelen i veret og skulde hogga aat. Han Per hadde alder sloppe livande undan dette, hadde det ikkje vore den treffen ein norske hadde høyrt smellen og kom ridande og sette paa svensken. Dessa to rek’ daa umskarves og hogg etter kvarandre nokre gonger, til dei saag dei ikkje kunde faa tak paa einannan nokon av deim, og so reid dei paa kvar sin kant.

Det vart smaatt med han Per paa slutten. Han gjekk og bad seg. Det var pensionen han hadde. Men modet helrit han uppe.

«Je lyt da tigge klent, skær det itte bli maten for dagen,» sa han.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *