Kilde
GAMLE HERMENNAR FRÅ TELEMORK
Av Kjetil A. Flatin
Lokalhistorisk Forlag 1991
(Nå overtatt av www.bokloftet.no)
Denne utgåva er eit fotografisk opptrykk av
Oluf Rasmussens Boktrykkeris utgåve frå 1913.
ISBN 82-7404-056-2
Du kan lese forordet til boka her.

Per Sveinson Svòllsbru

Per Sveinson Svòllsbru i Brunkeberg var ute i krigen i 1814.

Han var fødd paa Kjønnaas, foreldri hans var SVEIN og KJERSTI.

Per laut tidleg burt fraa heimen, 10 aar gamall maatte han heilt til Treungen og tene. Han var litinvorin, men reint: ualmindeleleg sterk og fjæra kar.

Det var um vaaren i verste blòtin, han hadde vori til Spjotsodd etter ei konnklyv. Paa heimvengen møtte han bòdi, at han skulde ut i krigen.

Han vart ein    eldgamall mann. Mang ein gong sat han med den snaude skolten sin frammed gruva paa Svòllsbru og fortalde fraa krigen. Det kom nyt liv i gamlingen daa, han lyfte paa aksline og høgna seg i kubbestolen. Ofte hadde han vori med, naar sven
skane gjorde aatak, og drivi dei attende.

”Du kan tru, me fekk føtar under dei!” sa han.

Han var ein    av dei    faa, som fekk pension, dei siste aari han livde; daa var han radt blind.

Per vart 99 aar gamall og kviler paa Brunkeberg kyrkjegard.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *