Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å les om Knut Hermundstad

 

Pilsettjedne var hylt

(«Skogin» fortel)

Umlag ein kilometer sør for Leira i Nord-Aurdal ligg den gamle kapteinsgarden Skavelden. Her er det gamal sogegrunn. Nede ved kongsvegen stod Systertelladn. Det var tre furor som — etter segni — skal vera planta av heilag Olav då han for gjenom Valdres på kristningsferd. Berre den eine står no att med nokre sprikjande, halvturre greiner.

I nyare tid — i all fall frå 1814-1878 — var Skaveldadn kapteinsgard. Og rett ein storgard var det. Den tid høyrde ei 10-12 husmannsplassar til garden. Ein av desse heitte Skogen, og her vart «Skogin» fødd 27. juni 1847.

Etter å ha besøkt han og snakka med han om «gamletidi», sette eg meg trast te skrive upp det meste av sogone. Her er ei av dei:

Uppå åsen her er det eit tjern som haugafolket har fingra ved. Det heiter Pilsettjedne. Dei gamle fekk ikkje fiskesleta der, er det sagt. Dei trudde difor det var hylt. Dette laut det rådbøtast på. So tok han Andris i Mørken og han Sjugurd, sonen hans, og gjekk på Aurdals-kyrkjegarden etter noko jord ei natt. Jordi fyllte dei i ein pose og rusla te Pilset att. Då det tok te ljosna av dagen, strådde dei denne jordi rundt tjernet. Då skulde ikkje haugafolki ha makt med det meir. Men det var vel berre noko tull, dette. Han Tore på Marken og han far reinsa uppatt osane, so fisken slapp te gå uti elvane og yngje. Då vart det fisk att i Pilsettjedne.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *