Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Pin-Anders

Pin-Anders, Tjuv-Tjostol og Vetlseter-Knut var tri sellar som har vorte mykje umtala her på Dovre.

Ein gong hadde han Pin-Anders brote seg inn på Siljuhaugje. Han hadde funne seg ein jønnstaur og fått upp døre med. Denna jønnstauren har dei teki vare på og har han på garde ennå. Dei gjekk til han Gamel-Frek Rindal og ba' han hjelpe seg med å ta att tjuven. Og han var ikkje i beit for det, skal eg tru. Han fortalde dei kvar han var å finne, og så gjekk dei i vegen med stor makt og fann han
Pin-Anders. Han låg med ei svær bil-øks i armkroken og sov, og da var han lett å overmanne. Men dei var så hardhendte med han at dei kom til å skamraske han da dei tok han, så dei heldt på koma i beit i retten for dette.

Tjuv-Tjostol heldt seg mykje tå ti'n i Tjuvholet, han. Dette er likedan ennå og heiter det same etter han Tjuv-Tjostol.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *