Internt referansenummer:B-000016
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen III
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 71
OSLO 1953
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”

Sjuker. Åtgjerder


Sjuker har det stødt vore nok av, og råder for dei har det heller ikkje vanta. Somt har hjelpt, og somt ikkje, og så har det vorte, før som nå, at ”somme har levt all si tid, og somme har døydd når tia kom”.

Planter

Ho bestemor hadde fått tak i ei bok etter Dokter-Hola. Og ho lærde seg til å hjelpe folk når det var noko som vanta, så ho vart både dokter og jordmor i Bråtå.

Ho bruka rylliken til så mykje. Ein bolde (byld) tok ho bort med ryllik. Ho koka han og fekk ein log som ho rørde på mjøl til ein graut. Denne grauten la ho på bolden, og da gjekk verken bort.

Mot bløding nytta ho muskus. Det er så god tev av han. Det var ei plante dei fekk muskus'n av.

Kjeringi i systun Storbråtå fekk tvillingar ein gong. Ho bestemor var der og var ner-kono. Da ho hadde teke i mot nyfødingom og sat og stelte dei, kom blodet fossande av bar'sengkjeringen, og det så hardt at det gjekk heilt på golvet. Det sto nok om livet der. Da tok ho bestemor og auste kaldt vatn på bar'sengkjeringi så ho dåna utu'. Da stana blodet. Etterpå, da ho tok til å årekke seg att, let ho bar'sengkjeringi teva på muskus, og da kom ho seg fort.

Ikkje berre ryllik, men lækjeblad (kjempe) og vassnarve var god mot sår og verk.

Kvann bruka dei mykje, serleg for kversyll på øykjom.

Vianvang og marihand,
tjyrublom og vendelrot
er kuas beste helsebot.

(Skjåk.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *