Internt referansenummer: 10.11.09 – A
Kilde:
LANGLIM – Ei bygd med segn og soger
Av: Olav Bakken
Klikk her for å lese Forordet (med bilde av forfatter Olav Bakken)
EIGE FORLAG
Flatdal 1973

Plassar i Langlim

Langlim har mange attlagde plassar. Dei ligg der no huslause og gror til, nære ved gardane i bygda, men sume noko lenger undan.

Nokon høg alder har dei ikkje og dei fleste har kjent rudningsmann. Staden er oftast skjønsomt valt, med god sol til åkerlendet — for litt åker høyrde det til desse plassar. Som vanleg hadde dei 1 kyr og nokre sauer og geiter som dei fora til med høy og ymse hjelpefor. Til vanleg høyrde det 3 hus til plassen, det var stoge med eit lite kammers og så fjøs og løde. Alle hus var timra av halvrunde stokkar og tekte med never og torv og spartansk utstyr.

For at ettertia skal kjenne til desse plassar med sine brukarar og rudningsmenn, skriv eg ned alt som lever på folkemunn endå.

Jonnardalen (oppigard)

Sjalve Jønnardalen er nok ein gamal buplass med merke etter kolgrover her og der. Den gamle jarnvinna vart nok driven her etter namnet å døma. Garden ligg lognt under det skarute Jønnardalfjellet. – Men øvre Jønnardalen er ikkje så gamal. Her budde au Halvor Leitestaul – og bygde oppatt husa og braut åker og har fått æra at han rudde denne plassen au. Men det er no vitnefast at her budde Olav Knutson Hyttedalen g.m. Anne Mikkelsdtr. Kvammen då han 18. januar 1818 reiste i snøskrida i Sandslia. Ovan Holtegroi løsa ei fælande snøskrie som gjekk over Skriumyr og nedover lia like ned mot isen. Lufttrykket var så sterkt at det slo overende hest og høylass på Timstømyran’, seier segne – Olav fann dei att om våren, då reven hadde leita han opp. (jordfest 8. mai). Dei hadde sonen Jon f. 10/5-1817. Enka Anne Mikkelsdtr. g. II 1820 m. Åmund Torsteinson Geitåsan’ (31 og 32 år).

Det var kanskje ikr. 1830 at Halvor og Øli Leitestaul budde her. Men etter at Gro Asbjørnsdtr. vart enke i 1833 flutte ho til Jønnardalen med dei 4 borna sine Gunhild, Kari, Nils og Asbjørn. Det var felande smått for dei. Nils som var eldst dreiv med noko rypesnaring i Goplenuten og Tjønnestaulfjellet. Især hadde vesle Asbjønn tung barndom. Han sa eingong han såg dei kverkte, klaka rjuper som hekk teia seg på råta. «Å den som kunne ha fengje døtt som dei.» – Og Asbjønn som var f. 12/11-1831 gjekk bort og hengde seg 13/3-1844 – vel 12 år gamal.

Han hadde lura seg ta å slikka litt rome på troget i hylla med mora var i fjøset – og fekk ris av mora så han skreik høgt. I sinne og trege hadde han så funne eit bende og sprunge nord i skardet og funne seg ein kvist. –
Han var sjolvmordar og den vesle heimegjorda kista hans vart lyft over kyrkjemuren utan klokkeklang og nokon sermoni.

Det står i Kallsboka. «Tok sig selv af dage ved at henge sig i en strikke.» –

Asbjørn var då den siste som var nekta Kyrkjeporten ved Åmotsdal. – Vart han så nekta i himmelporten au – var det mer enn trasig! –

Omkring 1860 budde foreldra av Signe og Olav Johansson her. Dei var innflutte — Liv og Johans. Liv var dotter til hermannen frå 1814 Jon Hyfsupp og Johans var frå Sauland (Diplemyr)

Dei tala hjartdalmål. Han sa det Johans. ”Hadde guttongen vore som jentungen, kunne han ha blive klokkar, ja, nærar præst!”

Han måtte liggje på Sanden å vakte Bakkejentene når dei sat til staules der. Det var Anne og Svanaug og dei var så redde alle slurrår som for. Han sa det Eilev Haukom han kom der å banka på om kvelden, dei hadde bunde dynna med taug i sengestolpen at han kom så velkomen. Dei ropa kven det var og Eilev svara. «Eg æ Eilev Haukom bjønneskyttaren» — «Å Gud skje lov,» sa Anne «å Gud velsigne deg , kom inn!»

Men Johans Jønnardalen låg der fødde seg og hadde vepna seg med ein lang lonn. «Kjem her nokken sko di få duvedrykken,» sa han.

Stoga han budde i kalla dei «Johansstoga ho stod lenge som eldhus på Nigard — Høydal.

På øvre Jonnardalen er eit sumarfjøs og ei sumarstoge og det har vori nytta som staule av Knut Jonnardalen g.m. Signe Bakken som no eig både øvre og nedre Jonnardalen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *